Versj. 19
Denne versjonen ble publisert av Autokorrektur 25. februar 2024. Artikkelen endret 1 tegn fra forrige versjon.

Langevåg er ei bygd og administrasjonssenteret i Sula kommune, Møre og Romsdal, på øya Sula like søraust for Ålesund, og er ein del av Ålesund tettstad.

Bygda strekkjer seg på nordsida av øya Sula frå Langevågen i vest til Vegsundet på grensa til Ålesund i aust. Bygda består forutan av det «eigentlege» Langevåg med Sulas rådhus inst i Langevågen i vest, av områda Fiskarstrand, Mauseidvåg/Eikrem, Solavågen og Veibust.

Bygda har variert industri med mellom anna verkstadsindustri, særleg maskininstallasjon og -reparasjon og bygging av skip og boreplattformer (mellom anna Fiskerstrand Verft AS og Vegsund Slip AS), næringsmiddelindustri (mellom anna Sevrin Tranvåg A/S), tekstil- og kledningsindustri og trevareindustri.

I Langevåg kjem lokalavisa Sulaposten ut éin gong i veka.

Langevåg har hyppig båtsamband med Ålesund sentrum. Fv. 657, som går austover gjennom heile bygda, har samband til E 39 (Solavågseidet) og E134 (Blindheimsskiftet), sistnemnde i Ålesund kommune.

Namnet er samansett av adjektivet lang og våg, 'fjordbukt', opphavleg namnet på bukta Langevågen som skjer seg inn frå vest.