Versj. 11
Denne versjonen ble publisert av Mina Hennum Mohseni 25. januar 2024. Artikkelen endret 1 tegn fra forrige versjon.

Svelgen Kraft i Sandane, er eit kraftproduksjonsselskap stifta i 2009 av Sogn og Fjordane Energi (56 %), Tafjord Kraftproduksjon (34 %) og Sognekraft (10 %).

Selskapet overtok frå same tid kraftverka til Svelgen Kraft AS (tidlegare Elkem Energi Bremanger). Til saman forvaltar selskapet ei årleg produksjonsmengd på 695 GWh. Som følgje av at kraftverka etter overtakinga kom i offentleg eige vart vilkåra om tidsavgrensing og heimfall oppheva.

Krafta produsert i kraftverka Svelgen 1 og Svelgen 2 skal i følgje avtale framleis nyttast i Elkem sitt smelteverk i Bremanger.