Versj. 6
Denne versjonen ble publisert av Erik Bolstad 29. desember 2023. Artikkelen endret 31 tegn fra forrige versjon.

Torer er eit mannsnamn som kjem av norrønt Þór-arr. I dette toledda namnet er forleddet gudenamnet Tor. Etterleddet tyder ‘krigar’. Torer kan også vere ein variant av Tore.

Namnet har fleire variantar: Thorer, Torer.

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Torer som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Torer var klart mest brukt i Akershus. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Thorer.)