Versj. 5
Denne versjonen ble publisert av Gulbrand Alhaug 28. desember 2023. Artikkelen endret 15 tegn fra forrige versjon.

Efraim er eit hebraisk mannsnamn som kan tyde ‘fruktbar’. Slik er det iallfall forklart i Bibelen.

Eit utval personar med namnet Efraim, og som er omtalt i Store norske leksikon:

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Efraim som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Efraim i perioden 1900–2017, var det 69 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Efraim. Dette inneber at 31 prosent hadde Efraim som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.