Versj. 19
Denne versjonen ble publisert av Ola Nordal 23. mars 2023. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Bygdanytt er lokalavis for Arna i Bergen og for Osterøy, grunnlagt i 1951. Avisa har kontor i Arna og kjem ut på papir to dagar i veka, elles som nettavis. Avisa har Schibsted som eigar. Redaktøren i Bygdanytt er frå 2018 og redaktør i bladet Strilen.

Ansvarleg redaktør er Eirik Langeland Fjeld.

Bygdanytt publiserer både på papir og nett. Nettadressa vart registrert i 1999, men det gjekk fleire år før redaksjonelt stoff vart lagt ut på nettet. Ordninga med betalingsmur for ikkje-abonnentar vart for noko av stoffet sett i verk i 2016. Det gjennomsnittlege talet på daglege lesarar av papirutgåva og publisering på digitale plattformer er 10 143 (4. kvartal 2022), ifølgje Mediebedriftenes Landsforening.

Bygdanytt kom ut med det første nummeret 20. april 1951 og er den eldste lokalavisa i tidlegare Hordaland. Avisa var opphavleg lokalblad for den tidlegare kommunen Haus, som er slått saman med Bergen og med Osterøy.

Bygdanytt var likevel ikkje første forsøket på å skape lokalavis for dette området. Johannes Revheim og Sigurd Mjeldheim hadde tidlegare skipa Haus Bygdeblad, men på grunn av usemje gjekk Mjeldheim ut og skipa sitt eige blad, Bygdabladet. Mjeldheim heldt på undertittelen «Upolitisk bygdeblad for Haus og næraste kommunar» også i denne avisa, og seinare same året skifta avisa namn til Bygdanytt.

Etterfølgjaren etter Haus Bygdeblad, Sambygdingen, skulle vere lokalblad for Haus og Åsane, men måtte gi seg allereie året etter. I 1996 fekk Bygdanytt ein ny konkurrent på Osterøy, Ostringen, men denne avisa måtte gi seg i 2007. Med unnatak av eit opphald i åra 1956 til 1959 har Bygdanytt kome ut heile tida sidan starten i 1951.

Bygdanytt døydde heller ikkje etter sterk urbanisering i området på 1960- og 1970-talet. Tvert om var det avisa som berga bygdeidentiteten, og avisa greidde også å halde oppe sambandet mellom Arna og dei delane av Osterøy som naturleg sokna mot Arna. Med den nye Osterøybrua i 1997 blei sambandet mellom fastland og øy knytt på nytt.

Avisa hadde frå starten av lokale eigarar. I 2005 vart ho kjøpt opp av Bergens Tidende, og vart seinare ein del av Schibsted-konsernet. Avisa har både bokmål og nynorsk som redaksjonelt språk. Bygdanytt vart kåra til den beste lokalavisa i Europa i 2012. Bygdanytt har ei moderne nettavis, som prioriterer nyhende.

År Opplag
1970 1 905
1991 4 126
2008 4 587
2015 4 213
2017 4 359
2020 5 066

2021

2022

5 043

4 953

Opplagstal i 2015 var 4213 for papiravisa og 4049 for sal av digitale abonnement og utgåver. Til og med 2015 gjeld opplagstala berre papirutgåva. Frå 2020 nyttar ein netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement.

  • Første nr. av Bygdanytt var datert 20.4.1951
  • Eigar frå 2012 er Schibsted
  • Kjartan Rødland: «Bygdanytt», Norsk presses historie 1660–2010, bd. 4. Oslo 2010
  • Tom Arbo Høeg: Norske Aviser 1763–1969. Oslo 1973