Suffiks er ein orddel som blir lagt til på slutten av eit ord, til dømes -skap i ordet venskap eller -er i ordet kvinner.
- Avleiingssuffiks kan danne nye ord, så som -heit i godheit, -leg i venleg eller -ne i gulne.
- Bøyingssuffiks indikerer ei bøyingsform av ordet, så som -en i guten, -r i køyrer eller -e i gule.
Nokre suffiks var opphavleg sjølvstendige ord. Til dømes stammar suffikset -leg frå lik ('skikkelse, lekam').
Orddelar som blir lagde til på byrjinga av eit ord, blir kalla prefiks.