Eklektisk tyder utveljande, prøvande eller søkjande. Omgrepet blir òg brukt for å karakterisere ein person eller eit uttrykk som blandar element frå ulike område eller stilar for å skape nye løysingar.
Eklektisisme er filosofisk tenking som søkjer å skape eit nytt system ved å låne element frå andre system, eller innan kunst og arkitektur ei blanding av stilartar.