Frå Allkunne:
Ole Paus
Ole Christian Paus, musikar, forfattar og skodespelar, debuterte som poetisk provokatør og ein del av visebølga i 1970-åra. Med den særeigne røysta, den leikne bruken av språket og dei enkle melodiane er provokatøren blitt omfamna av eit breitt publikum.
Ole Paus er fødd 9. februar 1947 i Oslo. Han gjekk eitt år på Oslo katedralskole, men fullførte examen artium ved Trondheim katedralskole i 1965. Paus har teke enkeltemne i filologi ved Universitetet i Oslo.
Paus har først og fremst vore ein fortolkar av eigne viser. Han debuterte med Der ute – der inne i 1970 og kom med sitt siste nyinnspela soloalbum, Avslutningen, i 2013. Med dei tre utgivingane Paus-posten, Nye Paus-posten og Siste Paus-posten midt i 1970-åra skapte Paus moderne skillingsviser der han, som visediktarar har gjort før han, tok opp dagsaktuelle nyhende og skjemta med dei i viseform. Med satiriske og humoristiske viser og dyrking av sin særeigne songstil nådde han eit nytt publikum og skilde seg ut frå dei andre gitarspelande visesongarane.
I byrjinga av 1990-åra var Paus programleiar for fleire intervjuprogram på TV2 og TV3. Han har også vore skodespelar i fleire filmar og fjernsynsseriar. Paus har gitt ut over 40 eigne plater, publisert 40 bøker i fleire sjangrar og har skrive eit dusin revyar, ein fjernsynsserie og ein libretto.
Allereie i 1976 fekk Paus sin første Spellemannpris for beste viseplate, i 1998 fekk han juryens heiderspris, og i 2013 blei han Årets spellemann. Han fekk også Riksmålsforbundets lyttarpris i 1999, Alf Prøysens Ærespris i 1991, Diktartavla i 2006 og æresprisen til Frelsesarmeen, Booth-prisen, i 2013.
Paus er mest kjend som viseartist, men har ein omfattande produksjon i andre sjangrar. Mest omfattande utanom musikken er karrieren som revyartist og revyforfattar. Revyen Solstreif (1979), der Paus både var forfattar, komponist og skodespelar, blei også skriven om til fjernsynsserie i 1981. Han har også vore filmskodespelar, blant anna i Upperdog (2009), og programleiar. Både TV2 og TV3 nytta Paus som talkshow-vert for høvesvis Hjemme hos Paus (1994) og På tide med Ole Paus (1992–94) då dei skulle etablere seg som konkurrentar til den tidlegare monopolisten NRK.
Lyden av Paus
Medan melodiane er enkle, er tekstane avanserte og røysta noko heilt for seg sjølv. Paus er både narr og hoffpoet. Han har skapt alt frå folkekjære og litt såre låtar som «Mitt lille land» til satiriske viser som «Satan lever», der han røskar tak i dobbeltmoralen i den norske bedehusrørsla. Det er desse kontrastane som skaper artisten Paus.
Tekstane til Paus har heilt sidan byrjinga vore både samfunnsrefs og ordkunst. Med eit stilsikkert språk skildrar han konkrete hendingar, nyttar kjende metaforar og snur dei til noko nytt og uventa. Det er få så stilsikre pennar som har klimpra så sjølvsikkert på gitar i det offentlege rommet.
Paus har ei heilt særeigen røyst og ein eigen songstil. Røysta hans er rusten, og framføringa er skjelvande og tidvis forpint. Han treffer ikkje alltid tonen, men det rustne uttrykket er med på å gjere songane nærmare, satiren frekkare og visene varare.
Fornying i møte med andre
Gjennom samarbeid med andre har han fornya sitt eige uttrykk og skapt viktige bruer mellom sjangrar og kunstuttrykk. I 1973 kom albumet Garman, der han saman med rockebandet The Pussycats foreinte den fornya norske visetradisjonen med rockebølga.
Heile karrieren har han samarbeidd med vennen og forfattaren Ketil Bjørnstad. Låtane som dei spelte inn på guterommet til sistnemnde i 1970-åra, blei i 2016 gitt ut som nettopp Sanger fra gutterommet.
I 1991 overraska den tidlegare svært kyrkjekritiske Paus mange ved å vere med på albumet Salmer på veien hjem, der han saman med songarane Kari Bremnes og Mari Boine nytolkar kjende salmar. Initiativet til prosjektet kom frå Eirik Hillestad og Kirkelig kulturverksted. Dette samarbeidet har halde fram i tiåra etter utgivinga. Med To rustne herrer i 1996 blei Ole Paus og Jonas Fjeld ein sentral viseduo. Samarbeidet med både Bjørnstad, Fjeld og Kirkelig kulturverksted har vore med på å gjere satirikaren og provokatøren Paus varare og varmare.
Kjelder
Lars Roar Langslet: I kamp for norsk kultur. Riksmålsbevegelsens historie gjennom 100 år. Oslo 1999
Terje Nilsen: Beat og piggtråd i Trondheim. En oversikt over grupper og artister fra slutten av 50-tallet til 1970. Trondheim 1991
Bård Ose: «Paus, Ole» i Jan Eggum, Bård Ose og Siren Steen (red.): Norsk pop & rock leksikon. Populærmusikk i hundre år. Oslo 2005
--------------------------------------------------------------------
er ein norsk songar, gitarist, komponist og forfattar. Han har vore ein av dei store innan visemiljøet sidan tidleg på 1970-talet, med tekstar som både kunne vere satiriske og varme.
Han debuterte med viseplata Der ute – der inne i 1970, følgd av to album som var ein vellykka hybrid av visesong, rock og jazz: Garman (1972), som har fått klassikarstatus, og Blues for Pyttsan Jespersens pårørende (1973), der han vart akkompagnert av mellom anna Popol Ace og gitaristen Stefan Grossman. Begge nådde Topp 20 på VG-lista, til liks med Zarepta (1974). Han hadde òg stor suksess på Norsktoppen med Leieboer (1973), Ingenting å være redd for (1973) og Ganske vanlig sherry, simpelthen (førsteplass i 1975).
I periodar har Paus arbeidd i ein slags skillingsvisetradisjon, mellom anna med tre «utgåver» (i albumformat) av Paus-posten som alle nådde Topp 10 i 1977/1978. Ein av hans mest morosame songar, Mæsjen og påsjen, nådde tredjeplass på Ti i skuddet i 1986.
Eit utval andre album
- I anstendighetens navn (1976, tildelt Spellemannprisen)
- Noen der oppe (1982, 14. plass)
- Svarte ringer (1982)
- Grensevakt (1984)
- Stjerner i rennesteinen (1989)
- Biggles' testamente (1992)
- Det begynner å bli et liv – det begynner å ligne en bønn (1998)
- Den velsignede (2000, ellevteplass)
- En bøtte med lys (2004, tittelsongen blei nummer 2 på Norsktoppen)
- Sanger fra et hvitmalt gjerde i sjelen (2005, 17. plass)
- Den store norske sangboka (2007, niandeplass)
- Paus synger Paus (2009)
Paus har òg gitt ut visebøker, romanane Det går en narr gjennom byen med ringlende bjeller (1974) og Endelig alene: en skilsmissehistorie (1984) og diktsamlinga Blomstene ved Amras (2004). Elles har han medverka, både som forfattar og skodespelar, i ei rekkje revyar, og i 1984 i ei oppsetning av musikalen Grease.
Han har samarbeidd på fleire album med Ketil Bjørnstad, og dessutan med Jonas Fjeld under namnet To Rustne Herrer, både på scena og på albuma To rustne herrar (1996), Damebesøk (1998), Tolv rustne strenger (2003) og Hvis helsa holder – The Album (2016), og som tekstforfattar på Fjeld sine soloplater. To Rustne Herrer har gått til topps på Norsktoppen med Tordensky (1996), Evigheten (1998) og Dansegalla i en andedam (2003).
Paus vart tildelt Spellemannprisen sin heiderspris for 1998. Han avslutta platekarrieren sin i juni 2013 med utgivinga av trippelalbumet Avslutningen, som fekk svært god kritikk, vart nominert til Spellemannprisen og gjekk til topps på VG-lista. Ole Paus vart kåra til Årets Spellemann for 2013. Men han gav ut eit album saman med Ketil Bjørnstad i 2015: Frolandia. Og i 2016 kom Sanger fra gutterommet, som består av opptak frå 1972.
Trass i Avslutningen i 2013 gav Ole Paus likevel ut eit nytt album. I 2020 var Motorpsycho backingbandet hans på Så nær, så nær, som toppa VG-lista. Same år vart dei samla songtekstane hans gitt ut i boka Pauspoeten – sangtekster gjennom 50 år. Året før hadde alle plateinnspelingane frå dei to første tiåra av karrieren vorte samla i CD-boksane 1970-talet og 1980-tallet.
Han er far til komponisten Marcus Paus.