Versj. 35
Denne versjonen ble publisert av Stine Hovdenakk 7. desember 2021. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Ole Paus er ein norsk songar, gitarist, komponist og forfattar. Han har vore ein av dei store innan visemiljøet sidan tidleg på 1970-talet, med tekstar som både kunne vere satiriske og varme.

Han debuterte med viseplata Der ute – der inne i 1970, følgd av to album som var ein vellykka hybrid av visesong, rock og jazz: Garman (1972), som har fått klassikarstatus, og Blues for Pyttsan Jespersens pårørende (1973), der han vart akkompagnert av mellom anna Popol Ace og gitaristen Stefan Grossman. Begge nådde Topp 20 på VG-lista, til liks med Zarepta (1974). Han hadde òg stor suksess på Norsktoppen med Leieboer (1973), Ingenting å være redd for (1973) og Ganske vanlig sherry, simpelthen (førsteplass i 1975).

I periodar har Paus arbeidd i ein slags skillingsvisetradisjon, mellom anna med tre «utgåver» (i albumformat) av Paus-posten som alle nådde Topp 10 i 1977–1978. Ein av hans mest morosame songar, Mæsjen og påsjen, nådde tredjeplass på Ti i skuddet i 1986.

  • I anstendighetens navn (1976, tildelt Spellemannprisen)
  • Noen der oppe (1982, 14. plass)
  • Svarte ringer (1982)
  • Grensevakt (1984)
  • Stjerner i rennesteinen (1989)
  • Biggles' testamente (1992)
  • Det begynner å bli et liv – det begynner å ligne en bønn (1998)
  • Den velsignede (2000, ellevteplass)
  • En bøtte med lys (2004, tittelsongen blei nummer 2 på Norsktoppen)
  • Sanger fra et hvitmalt gjerde i sjelen (2005, 17. plass)
  • Den store norske sangboka (2007, niandeplass)
  • Paus synger Paus (2009)

Paus har òg gitt ut visebøker, romanane Det går en narr gjennom byen med ringlende bjeller (1974) og Endelig alene: en skilsmissehistorie (1984) og diktsamlinga Blomstene ved Amras (2004). Elles har han medverka, både som forfattar og skodespelar, i ei rekkje revyar, og i 1984 i ei oppsetning av musikalen Grease.

Han har samarbeidd på fleire album med Ketil Bjørnstad, og dessutan med Jonas Fjeld under namnet To Rustne Herrer, både på scena og på albuma To rustne herrar (1996), Damebesøk (1998), Tolv rustne strenger (2003) og Hvis helsa holder – The Album (2016), og som tekstforfattar på Fjeld sine soloplater. To Rustne Herrer har gått til topps på Norsktoppen med Tordensky (1996), Evigheten (1998) og Dansegalla i en andedam (2003).

Paus vart tildelt Spellemannprisen sin heiderspris for 1998. Han avslutta platekarrieren sin i juni 2013 med utgivinga av trippelalbumet Avslutningen, som fekk svært god kritikk, vart nominert til Spellemannprisen og gjekk til topps på VG-lista. Ole Paus vart kåra til Årets Spellemann for 2013. Likevel gav han ut eit album saman med Ketil Bjørnstad i 2015: Frolandia. Og i 2016 kom Sanger fra gutterommet, som består av opptak frå 1972.

Trass i Avslutningen i 2013 gav Ole Paus likevel ut eit nytt album. I 2020 var Motorpsycho backingbandet hans på Så nær, så nær, som toppa VG-lista. Same år vart dei samla songtekstane hans gitt ut i boka Pauspoeten – sangtekster gjennom 50 år. Året før hadde alle plateinnspelingane frå dei to første tiåra av karrieren vorte samla i CD-boksane 1970-talet og 1980-tallet.

Han er far til komponisten Marcus Paus.