Temaside Energi
Energi er det som kan få noko til å skje. Energi kjem i ulike former og kan omdannast frå ei form til ei anna. Det trengs energi for å endre farten til ein gjenstand, løfte den opp eller varme den. Energikjelder er alle materiale eller naturfenomen som kan gjerast om til energiformer som er nyttige for menneske, til dømes varme, elektrisitet og mekanisk energi.
Omforming av energi

energiomdanning
Energiomdanning er det som skjer når energi blir omdanna frå ei energiform til ei anna.

energioverføring
Når vi varmar hendene ved å halde dei inntil ein varm omn, blir energi overført frå omnen til hendene våre.

energikjede
Energikjede er ein serie med energiovergangar og energioverføringar frå energikjelde til energimottakar.