Øygarden er ein kommune i Vestland som ligg på i alt 1525 øyar utanfor Bergen og dannar ei øyrekkje mellom Hjeltefjorden og Vatlestraumen/Raunefjorden i aust og Nordsjøen i vest. Øyrekkja strekkjer seg frå Fedjeosen i nord til Krossfjorden i sør.
Øygarden kommune blei oppretta i 1964 ved ei samanslåing av tidlegare Hjelme kommune og ytre del av tidlegare Herdla kommune. I 2020 blei Fjell og Sund slått saman med Øygarden til den nye Øygarden kommune. Samanslåinga var ein del av ei landsomfattande kommunereform.
Den klart største av øyane i den nye kommunen er Sotra (178,6 kvadratkilometer), ei øy som før 2020 var delt mellom kommunane Fjell og Sund. Andre større øyar i øyrekkja (rekna frå nord) er: Seløyna, Alvøyna, Herdleværet, Ona, Blomøyna, Rongøyna og Toftøyna, alle i tidlegare Øygarden kommune. Mellom Toftøyna og Sotra ligg Misje. Denne låg i tidlegare Fjell kommune saman med den nordre og sentrale delen av Sotra, og med mellom anna Litlesotra, Bildøyna og Bjorøyna innanfor Sotra, og Turøyna, Algrøyna, Lokøyna og Syltøyna på utsida av Sotra. I tillegg til søre del av Sotra høyrde mellom anna Toftøya i vest og Tyssøyna, Bjelkarøyna og Lerøyna i aust til tidlegare Sund kommune.
Øygarden grensar etter dette til Askøy, Bergen og Alver i fjordstrekninga i aust, til Fedje i Fedjeosen i nord og til Austevoll i Krossfjorden i sør.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.