Ånon Egeland er ein norsk folkemusikar og høgskulelærar. Han er ein allsidig og profilert instrumentalist som meistrar hardingfele, vanleg fele, munnharpe og diverse fløyter. Han har særleg lært av musikarar frå Agder, slike som Andris Rysstad, Salve Austenå og Sigurd Fjeldstad. Desse og fleire til har han dokumentert grundig gjennom lydopptak, notenedteikningar og eigne fonogram.
Egeland slo igjennom i 1977 med albumet I heitaste slåtten saman med Per Midtstigen, ei utgjeving som fekk Spellemannprisen. Plata fekk ein oppfylgjar i 1982 med Norske strøk (òg saman med Midtstigen). I 1989 ga Egeland ut albumet For borgere og bønder saman med Hans Olav Gorset, kor melodiane var henta frå gamle norske notebøker, medan soloalbumet Ånon kom i 1999. Saman med den svenske folkemusikaren Mikael Marin ga han i 2017 ut plata Sorpesoll, som same året fekk Folkelarmprisen i klassa for tradisjonelt samspel. I 2019 kom albumet Egeland/Edén/Marin Vol. 1.
Elles har Egeland vore med på ei rekkje utgjevingar. Han har lang erfaring som pedagog, kurshaldar og førelesar og var fram til 2021 tilsett som førsteamanuensis ved Universitetet i Søraust-Noreg, avdeling for Folkekultur i Rauland.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.