Pollenallergi har sterk sesongvariasjon, fordi pollenproduksjonen følgjer årstida og varer frå berre nokre dagar opp til månader, avhengig av kva plante pollenet kjem frå. Om våren er årsaka til symptoma særleg pollen frå hassel, or, og bjørk, men også andre treslag som salix-familien med selje og vier kan gje allergi. Pollen frå hassel er det aller tidlegaste, og kan i nokre tilfelle komme allereie i januar. Om sommaren er årsaka oftast ulike graspollen, og på ettersommaren og hausten ugrasplanta burot. På hausten kan soppsporar frå plantar som rotnar gje liknande symptom. Om vinteren kan stueplantar gje symptom som ved pollenallergi på grunn av tørka plantesaft i støv. Dette gjeld mellom anna julestjerne og bjørkefiken (Ficus benjamina).
Fordi pollensesongen følgjer årstida, startar han seinare jo lenger nord i landet og dess høgare over havet ein kjem. Etter at pollensesongen er over i lavlandet i Sør-Noreg, kan difor ein pollenallergikar få symptom på nytt om vedkomande reiser til hytta på fjellet eller til Nord-Noreg. Global oppvarming med mildare vintrar gjer at pollensesongen no startar tidlegare og varer lenger enn før.
Graspollen blir spreidd over berre korte avstandar, nokre hundre meter. Trepollen blir derimot spreidd over store avstandar. Bjørkepollen frå baltiske land og Finland kan nå Finnmark.
I land med annan vegetasjon enn det vi har i Noreg, vil andre typer pollen vere viktige. I Italia er, i tillegg til graspollen, til dømes også pollen frå parietaria eller veggurt og oliven viktige årsaker til allergi. I Nord-Amerika er planten ragweed (beiskambrosia, nokre gonger omtala som «amerikansk burot») den viktigaste kjelda til pollen som gir luftvegsallergi. Planten er også komen til Noreg nokre stader. I Japan er det i hovudsak berre éin type pollen som gir allergi, japansk seder.
Pollenvarsel og pollenkalendrar for ulike land vil vise dei viktigaste lokale pollentypane for sesongen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.