Ein gentest er ei målretta undersøking for å påvise éin eller fleire kjende variantar i DNA-sekvensen i eit gen. Slike variantar kan anten vere nøytrale, sjukdomsframkallande eller gi risiko for sjukdom. Slik risiko kan varianten gi åleine eller i kombinasjon med andre genvariantar og miljøfaktorar.
Gentestar blir vanlegvis brukte i helsevesenet for å føreseie risiko for ein kjend sjukdom eller for å kartleggje behandlingsalternativ ved hjelp av testing for kjende genvariantar. Sidan 2000-talet har det vakse fram ein privat marknad som tilbyr ulike gentestar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.