461 fvt.
|
Over 100 000 menneske i Roma døydde av pest. |
80 evt.
|
Ei ny pestbølgje herja i Roma. Det samla talet på dødsfall er ikkje kjent, men mens pesten rasa som verst, døydde over 10 000 menneske dagleg. |
430 |
England blei ramma av ein pestilens som førte til total avfolking av enkelte område. |
722 |
Byen Chichester og omland i England blei nesten avfolka av ein epidemi. 34 000 døydde. |
746–749 |
Ei farsott herja i Konstantinopel. Over 200 000 var døde då epidemien ebba ut. |
954 |
Ein epidemi rasa i Skottland og kravde 40 000 offer. |
1172 |
Ein alvorleg epidemi førte til at dei engelske armeane som under Henrik 2. av England hadde invadert Irland, måtte trekke seg tilbake. |
1340–1350 |
Svartedauden breidde seg over verda og utrydda 25 millionar menneske i Europa. Pesten kom til Noreg i 1349 og spreidde seg i løpet av få månader over heile den sørlege delen av landet. Historikarar reknar med at berre ⅓ av befolkninga overlevde pesten. |
1383 |
Den såkalla «fjerde pestilensen» herja i Irland. |
1603 |
Ein epidemi braut ut i London og kravde 30 000 offer. |
1611 |
Ei farsott rasa i Konstantinopel (no Istanbul) og tok livet av 200 000 menneske. |
1625 |
London blei på nytt herja av ei farsott som kravde omkring 35 000 menneskeliv. |
1628–1632 |
Pesten blussa opp igjen. Han blei kalla «den lombardiske pesten» og spreidde seg til det meste av Europa under trettiårskrigen. I 1632 døydde 60 000 menneske av farsotta i Lyon-området i Frankrike. |
1656 |
Ei farsott herja i Napoli-området. 400 000 menneske døydde i løpet av seks månader. |
1664–1665 |
The Great Plague, 'den store pesten', kravde 10 000 menneskeliv i London-området. |
1720 |
Det braut ut ein pestilens i Marseille som førte til 60 000 dødsfall. |
1773 |
Frankrike blei herja av ei farsott som blei kalla «rotnefeberen». |
1784 |
Pesten hadde ei oppblussing i Izmir i Tyrkia og kravde 20 000 offer. |
1791–1798 |
Gul feber oppstod på ulike stader langs Atlanterhavskysten. New York, Philadelphia og Baltimore blei særleg hardt råka. |
1799 |
Pesten tok livet av 250 000 menneske i Egypt. |
1805 |
Ein alvorleg gulfeber-epidemi i New York førte til at over halvparten av dei 70 000 innbyggarane i byen rømde området i panikk. |
1814 |
Vesleasia, Palestina og Hellas blei heimsøkt av pesten. |
1817–1818 |
Ein kolera-epidemi rasa i India, Thailand, Sri Lanka og Malaysia. Talet på dødsfall var enormt. Epidemien breidde seg til Europa og ebba først ut i 1823. |
1819–1822 |
Det oppstod igjen ein hardnakka epidemi av den gule feberen i USA. I same periode mista omtrent halvparten av befolkninga i Tunis livet. |
1831 |
Koleraen trengde inn i Russland og Frankrike. Berre i Paris døydde 15 000 menneske. |
1832 |
Koleraepidemiar oppstod i Nord-Amerika. USA og Canada blei hardt heimsøkt: 3000 offer i New York og 2000 i kanadiske byar. Året etter opptredde sjukdommen svært vondarta i Noreg. |
1848–1849 |
Det oppstod ein ny koleraepidemi i Storbritannia og Amerika. |
1848–1862 |
Skandinavia blei igjen heimsøkt av koleraen. I Noreg blei 2453 angripne av sjukdommen i 1853; om lag 65 prosent av dei døydde. Tre år seinare blussa epidemien opp på ny i størstedelen av Europa. |
1878 |
Gul feber herja veldig i Sørstatane i USA og la mange byar øyde. |
1884–1885 |
Ein ny koleraepidemi breidde seg i Europa. Sju år seinare blussa han opp på ny. |
1889 |
Ein vondarta influensaepidemi spreidde seg over heile verda. |
1902–1909 |
Russland blei heimsøkt av kolera. |
1918 |
Ein ny influensaepidemi (H1N1), «spanskesjuka», breidde seg over verda. Dødstalet er svært usikkert, men ein går ut frå at minst 50 millionar menneske døydde på verdsbasis. |
1921–1922 |
Tyfusepidemi og hungersnød oppstod i Russland. Tre millionar menneske døydde. |
1947 |
Ein vondarta koleraepidemi herja i Egypt; mange tusen døydde. |
1957 |
Influensaepidemi (H2N2), «asiasjuka», kravde om lag 100 000 menneskeliv. |
1968 |
Influensaepidemi (H3N2), «Hong Kong-influensaen», kravde rundt 700 000 liv. |
1971 |
Ein koleraepidemi herja i Vest-Bengal etter ein flaumkatastrofe og masseflukt frå Bangladesh. |
1981– |
Hiv-epidemien har truleg ført til meir enn 40 millionar dødsfall. |
2002 |
Sars-koronavirusutbrotet kravde nokre hundre menneskeliv. |
2009 |
Influensaepidemi (H1N1), «svineinfluensaen», kravde i underkant av 300 000 liv. |
2010 |
Det fyrste kolerautbrotet i Haiti på over 100 år blei oppdaga i oktober. Smitta kom truleg frå FN-troppar frå Nepal som var stasjonert i Haiti etter jordskjelvet tidlegare same år. |
2014–2017 |
Utbrot av sjukdom på grunn av ebolavirus i Vest-Afrika med over 10 000 døde. |
2020–2024 |
Verdsomspennande utbrot av sjukdommen covid-19. Viruset sars-CoV-2 blir rekna for å ha opphavet sitt i millionbyen Wuhan, Kina i desember 2019. Meir enn 600 millionar blei bekrefta smitta, og i overkant av sju millionar er døde ved utgangen av 2024 (WHO). |
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.