Allodyni er smerter forårsaka av ein stimulus som normalt ikkje gjer vondt. Terskelen for utløysing av smerteoppleving kan vere senka, slik at sjølv lett berøring av huda eller små temperaturforandringar kan utløyse intense og langvarige smerter. Smertene kjennest gjerne brennande og er vanlegvis forårsaka av auka sensibilitet eller sensitivisering i delar av nervesystemet.
Hyperalgesi er nesten det same som allodyni, men betyr ein unormalt smertefull reaksjon på ein stimulus som i utgangspunktet berre er normalt smertefullt.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.