Førde sentralsjukehus er eit sentralsjukehus på Vie i Førde for innbyggjarane i Sogn og Fjordane. Sjukehuset er frå 2002 ein del av helseføretaket Helse Førde, som er eigd av det regionale helseføretaket Helse Vest, som har ansvaret for spesialhelsetenester i Rogaland og Vestland fylke.
Sjukehuset har lokal- og sentralsjukehusfunksjonar, og har ansvaret for behandling av somatiske og psykiske lidingar. Som tilbydar av spesialisthelsetenester har helseføretaket, i tillegg til pasientbehandling, også verksemd innan opplæring av pasientar og pårørande, og dessutan forsking og utdanning av helsepersonell.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.