211012_ja_lun190-139-e1462358055254

Bygningar

Ryfylkemuseet har ei unik bygningssamling ved at dei fleste bygningane museet har tatt vare på står på sine opphavlege tufter, i sitt rette miljø. Dei er bevarte på rot.

Ryfylkemuseet har ansvar for om lag 79 antikvariske bygningar. Museet har med det det den største bygningssamlinga i Rogaland.

Du kan lesa meir om bygningane og bygningsvernet ved Ryfylkemuseet under Bygningsvern eller på kvart av anlegga.

Fartøy

Museet eig 12 mindre og to større båtar – «Brødrene af Sand» og «M/S Suldal».

«Brødrene af Sand«
Ryfylkejekt bygt på Dokkskar i Yrkjesfjorden midt på 1800-talet. Ho har vore heimehøyrande på Rennesøy og på Sand. «Brødrene» vart innkjøpt til museet i 1997, og vart restaurert ved Hardanger Fartøyvernsenter fram til 1999. Ho er ca. 15 meter lang og vel 5 meter brei.

«M/S Suldal«
Rutebåt for passasjerar og gods på Suldalsvatnet, populært kalla Suldalsdampen eller berre Dampen. Bygd i 1885, var i drift til 1978. Sidan var venneforeininga eigar av Suldalsdampen til museet overtok båten i 2014. Museet arbeider no med restaurering av båten.

M/S Suldal er 20,8 meter lang og 4,33 meter brei.

IMG_3459-e1558612314972
Arkiv

Gjenstandar

Museet forvaltar gjenstandssamlingar som omfattar vel 20.000 gjenstandar.
Gjenstandssamlingane er breitt anlagde samlingar av reiskap og utstyr både frå bonde- og fiskarsamfunnet og frå industri og anlegg, og dessutan innbu frå heimar med ulike økonomiske og sosiale føresetnadar. Samlingane gir godt høve til formidling av kvardagslivet i Ryfylke dei siste to-tre hundreåra.

Hovuddelen av den magasinerte gjenstandssamlinga er plassert i fellesmagasinet for musea i Rogaland på Åmøy. Dei utstilte gjenstandane finst delvis i miljøutstillingar til dømes på Kolbeinstveit, og delvis i skiftande utstillingar og vandreutstillingar.

Mange av gjenstandane er fotograferte og ligg tilgjengeleg på Digitalt Museum.

Naturhistoriske samlingar og kulturlandskapsvern

Ryfylkemuseet er i hovudsak eit kulturhistorisk museum. Men slik samlingane er lokaliserte ligg forholda godt til rette for å formidla samanhengar mellom kultur og natur. Det er særleg i Viga, i Li og på Hustveit vi har kome i gang med slikt arbeid.

I samarbeid med Norsk Genressurssenter og frivillige krefter i Hjelmeland er det bygd opp ein frukthistorisk hage med kring 130 tre av eldre eple-, pære- og plommesortar frå Ryfylke i Viga i Hjelmeland.

Gjennom samarbeid med Sauda kommune, Fylkesmannen i Rogaland og Nord-Rogaland og Sunnhordland friluftsråd har museet i lengre tid arbeidd med restaurering, tilrettelegging og skjøtsel av Jonegarden, det eine bruket på Hustveit i Sauda. Her er eit unikt naturområde som strekker seg frå fjorden og opp til høgaste heia. Potensialet for bruk til kultur- og naturhistorisk formidling, undervisning og friluftsføremål er stort.

På sørsida av Hylsfjorden i Suldal ligg den freda garden Li. Museet forvaltar det store kulturlandskapet rundt tunet. Dette skjer i samarbeid med Suldal Kommune og Rogaland Fylkeskommune.

Fruktblomstring på Viga
Privatarkiv

Privatarkivsamlinga

Ryfylkemuseet har ei stor privatarkivsamling og den veks stadig. Dette er arkivmateriale frå firma, foreiningar og enkeltpersonar i Ryfylke. Materialet er delvis ordna.

Store arkiv er m.a. firmaarkiv etter R & T Rasmussen, Sand, Sand Meieri, Ryfylke folkehøgskule, Ulla-Førreanlegga og teikningsarkiv frå arkitektfirmaet Helland og Aarreberg i Sauda.

Interesserte kan gå igjennom arkivsaker på museet, men bruk av og eventuell kopiering frå arkivet må avtalast på førehand.

Fotoarkivet

Museet har ei fotosamling på vel 110 000 foto. Av desse er om lag 13 000 eldre kulturhistoriske foto frå Ryfylke. Ein stadig større del av fotosamlinga blir digitalisert og lagt ut på internett på nettsida Digitalt Museum.

Elles er hovudelementa i fotosamlinga ulike spesialsamlingar av originalfoto, eigne opptak som dokumenterer arbeid og aktivitet ved museet.
Kopi av foto kan leverast mot betaling. Originale foto blir ikkje lånt ut. Sjå her for prisar.

Fotoarkivet-e1461050357988
RFF1981-002-460-e1461052227891

Archer-samlinga

Den største fotoskatten i Ryfylkemuseet sine samlingar er bilete etter Alice Archer. Ho var ein flittig amatørfotograf og tok mange bilete frå Sand, Suldal og andre stader i Ryfylke. Heile samlinga er digitalisert og kan sjåast på nett.

Archerarkivet er det eldste fotoarkivet eller fotosamlinga ved Ryfylkemuseet. Alice Lima Hay Murray Archer (1855-1936) og familien hennar frå Storbritannia ferierte i Suldal kvar sommar frå 1884 til første verdskrigen braut ut i 1914. Det var laksefisket i Suldalslågen som førte familien til Sand og Suldal. På Sand bygde dei «Rophaug», ein større sommarvilla.

Ryfylkemuseet har 7 album etter fru Alice Archer med til saman 633 positiv. Eit utval av Archerbilda finn du i ei nettutstilling her. Her finn du også ei digital forteljing om familien Archer.

Lydarkivet

Lydbandsamlinga ved Ryfylkemuseet tel ca. 600 opptak. Mykje av dette er intervju, og dei fleste av desse er også avskrivne. Intervjua på banda er resultat av planmessig innsamling av munnleg kjeldemateriale i samband med forskingsprosjekt som har blitt drivne ved museet. Det originale materialet er digitalisert av Nasjonalbiblioteket.

RAM-2-e1461051892869
2016-04-19-092433

Film og foto

Museet har i alt ca 160 video- og filmopptak. Dette inkluderer historiske filmar frå Suldal, smalfilmar og videoopptak, m.a. dokumentasjonsopptak frå bygging av Ulla-Førre-anlegga i 1970- 1980-åra.

Biblioteket

Museet har eit omfattande forskingsbibliotek for dei tilsette. Biblioteket kan nyttast av publikum i museet si opningstid, men bøker blir ikkje lånt ut.

IMG_1545