du
Nynorsk[endre]
Ordsoge[endre]
Frå norrønt þú med objektforma þik. Ordet har same opphav som dei tilsvarande pronomena i svensk, dansk, færøysk og islandsk. Nærskyld med engelsk you fransk tu og mange andre europeiske ord med tilsvarande tyding.
Pronomen[endre]
du (objektform deg)
- personleg pronomen, andre person eintal subjekt: tilhøyraren, den som utfører handlinga
- Skal du ikkje vitje mora di snart?
Liketydingar[endre]
- (personleg pronomen, fyrste person eintal): De (høfleg form)
Omsetjingar[endre]
|
Sjå òg[endre]
Subjektform | Objektform | Eigeform/Eigedomsvaraord | |
---|---|---|---|
Eintal | |||
Fyrste person | eg | meg | min m |
Andre person | du | deg | din m |
Tredje person m | han | han, honom | hans |
Tredje person | ho | ho, henne | hennar |
Tredje person | det, dat1 | det, dat1 | dess 2 |
Fleirtal | |||
Fyrste person | me, vi | oss | vår m |
Andre person | de | dykk | dykkar |
Tredje person | dei | dei, deim3 | deira |
Merknader | |||
1Aldri med i offisiell nynorsk-/landsmålsrettskriving. I hovudsak nytta før landsmålet fekk ei offisiell rettskrivingsnorm. | |||
2sjeldan eller litterært | |||
3Ikkje lenger med i den offisielle rettskrivinga. No i houvdsak nytta i høgnorsktekstar. |
Amanab[endre]
Substantiv[endre]
du
- ein slags fugl
Bretonsk[endre]
Adjektiv[endre]
- svart (farge)
Dansk[endre]
Pronomen[endre]
- personleg pronomen, andre person eintal subjekt: tilhøyraren, den som utfører handlinga
Bøying[endre]
du (subjekt) - dig (objekt) - din m, dit n, dine fl
Etymologi[endre]
Frå norrønt þú, med objektsform þik. Ordet þú har same opphav som dei tilsvarande pronomena i svensk, dansk, færøysk og islandsk. Slektsord med engelsk you, fransk tu og mange andre europeiske ord med tilsvarande tyding.
Esperanto[endre]
Talord[endre]
du
Etymologi[endre]
Frå latin duo, med samme tyding
Fransk[endre]
Artikkel[endre]
du
- "til/av den"
- delingsartikkel, vert nytta om uvisse mengder av ting (som engelsk some), men vert ofte ikkje omsett til norsk
Etymologi[endre]
Satt saman av preposisjonen de ("fra", "av") og hankjønnartikkelen le ("den, "det")
Tysk[endre]
Pronomen[endre]
du
- personleg pronomen, andre person eintal subjekt: tilhøraren, den som utfører handlinga
Bøying[endre]
du, Du (subjekt) - dich (objekt) - dir (dativ) - deiner (genitiv)
Merk: bøyinga i genitiv uttrykker ikkje eigedom, for å gjere det må ein bruke dein, som vert bøygt i kjønn, tal og kasus.
Etymologi[endre]
Frå gammelhøytysk du, slektsord med gammelengelsk thu, forelda engelsk thou og dei tilsvarande skandinaviske pronomena.
Ido[endre]
Talord[endre]
du
Kurdisk[endre]
Talord[endre]
du
- talet to
Litauisk[endre]
Talord[endre]
du
- talet to
Normannisk[endre]
Substantiv[endre]
du
Etymologi[endre]
Frå latin dux ("leiar", "kommandør"), frå verbet ducere ("å leie"), frå indoeuropeisk rot deuk- ("å leie"). Slektsord med fransk duc, engelsk duke og mange andre romanske tilsvarande ord.
Svensk[endre]
Pronomen[endre]
du
- personleg pronomen, andre person eintal subjekt: tilhøraren, den som utfører handlinga
Bøying[endre]
du (objekt) - dig, dej (objekt) - din m, ditt n, dina fl (genitiv)
Etymologi[endre]
Frå norrønt þú, med objektsform þik. Ordet har òg gjeve opphav til dei tilsvarande pronomena i dansk, norsk, færøysk og islandsk. Slektsord med engelsk you og mange andre europeiske ord med tilsvarande tyding.
Walisisk[endre]
Adjektiv[endre]
du
- svart (farge)