Gris
Gris | |
Gris | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
Familie: | Svin Suidae |
Slekt: | Sus |
Art: | Villsvin S. scrofa |
Underart: | Gris S. s. domesticus |
Vitskapleg namn | |
Sus scrofa domesticus |
Gris eller tamgris (Sus scrofa domesticus) er ein underart av villsvin (Sus scrofa). Han vart domestisert parallelt i Kina og Europa for om lag 9 000 år sidan (Giuffra et al., 2000), og i dag finst det om lag 940 millionar tamgrisar. Tamgrisen er ein altetar (omnivor), noko som tyder at han et både plante- og animalsk føde.
Typar
[endre | endre wikiteksten]Grisar vert delte opp i to hovudtypar: mini-gris og landsvin
Hengebuksvin
[endre | endre wikiteksten]Hengebuksvin er svart-brun av farge, og er veldig hard og tjukk i huda. Desse er vanlege å bruke som husdyr, ettersom dei kan lærast opp til for eksempel ikkje å late vatnet inne, og er veldig folkeglade dersom dei får sjansen.
Landsvin
[endre | endre wikiteksten]Landsvin er den vanlegaste rasen, og er gjerne den rasen ein forbinder med ordet gris. Han er rosa av farge og er den mest brukte i landbruket i dag. Han er òg mjukare i huda, og har ein krøll på halen.
For å få eit saftig men magert kjøtt, så har ein for nokre år tilbake begynt å krysse inn den amerikanske rasen duroc. Durocen er brun, og har feitet lagra i kjøttet (marmorert).
Noroc
[endre | endre wikiteksten]Ein Noroc har ein far som er halvt landsvin og halvt duroc, og ei mor som er halvt landsvin og halvt yorkshire-gris. Rasen er avla fram av Gilde og Norsvin og blir berre nytta i Edelgris-produkta frå Gilde.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Om Noroc hjå Gilde Arkivert 2008-04-16 ved Wayback Machine.