Zjalejka
Utsjånad
Zjalejka | |||
| |||
Klassifisering | instrument med enkelt røyrblad, slaviske musikkinstrument | ||
---|---|---|---|
Hornbostel-Sachs klassifisering | 422.211.2 |
Zjalejka (russisk жалейка eller брёлка) er eit russisk treblåseinstrument.[1] Det er eit enkelt blåseinstrument av røyrbladtype, sett saman av eit trerøyr og ein tut. Det har gjennomtrengande og nasale tonar, og blir mykje brukt i russisk, kviterussik og ein del i ukrainsk folkemusikk.[2]
Røyret til ein zjalejka er rundt 10–20 cm langt og kan ha 3 til 7 fingerhol. Munnstykket kan vera av siv eller gåsefjør. Zjalejkaen har ofte tut av eit anna materiale enn tre, som kuhorn, i ein hornpipekonstruksjon. Det kan også ha tut av bjørkenever, eller vera heilt av tre.[2] Det finst ein dobbel variant med to røyr og ein tut som er mest utbreidd sør i Russland.[3]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ LaPasha, L. Robin C. (5. mars 2006). «The RussWind Home Page» (på engelsk). Henta 30. september 2013.
- ↑ 2,0 2,1 LaPasha, Robin (2006). «Zhaleika». The Russ Wind Homepage. Henta 16. september 2013.
- ↑ «Zhaleika». Russia-InfoCentre. 2009. Henta 16. september 2013.
- Denne artikkelen bygger på «Zjalejka» frå Wikipedia på svensk, den 21. august 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Zhaleika» frå Wikipedia på engelsk, den 2. februar 2021.