Hopp til innhald

Zieglerøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zieglerøya
øy
Land  Russland
Del av Frans Josefs land
Areal 448 km²
Folketal 0
Kart
Zieglerøya
80°58′21″N 57°25′28″E / 80.9725°N 57.424444444444°E / 80.9725; 57.424444444444
Wikimedia Commons: Ziegler Island
Plasseinga til Zemlja Zichy i Frans Josefs land. Zieglerøya ligg om lag i midten..

Zieglerøya (russisk Остров Циглера; Ostrov Tsiglera) er ei øy i Frans Josefs land i Russland.

Øya er 45 km lang og strekkjer seg frå nordvest til søraust. Ho har eit areal på 448 km² og er nesten heilt isfri. Det høgaste punktet på øya er 554 meter over havet.

Øya er kalla opp etter forretningsmannen William Ziegler frå New York City, som var leiar for Baldwin-Ziegler-ekspedisjonen i 1991 på skipa «America», «Fridtjof» og «Belgica» og for Ziegler-Fiala-ekspedisjonen i 1903-1905.

Zieglerøya er ein del av Zichy Land, som er ei undergruppe i Frans Josefs land.

Nærliggande øyar

[endre | endre wikiteksten]

Den austerrikske observasjonsstasjonen Payer-Weyprecht (truleg 81°06′N 56°11′E / 81.100°N 56.183°E / 81.100; 56.183) vart oppretta rundt 1900 på øya.