Zeemaneffekten
Utsjånad
Zeemaneffekten er ein effekt eit magnetfelt har på frekvensen til stråling som vert emittert (eller absorbert) av atom som vert utsett for magnetfeltet. Effekten vart oppdaga i 1896 av Pieter Zeeman. Kvar enkel spektrallinje i lyset frå ein gass kan, når gassen vert utsett for eit magnetfelt, vise ei oppsplitting i fleire linjer med same innbyrdes avstand og symmetrisk fordelt omkring den opphavlege linja.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- zeemaneffekt. (2012-02-22) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/zeemaneffekt