Hopp til innhald

Yvonne van Gennip

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yvonne van Gennip


Statsborgarskap Kongeriket Nederlanda
Fødd 1. mai 1964 (60 år)
Haarlem
Idrett lengdeløp på skeiser
Tok del i Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1984, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1988 – 1500 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1988 – 3000 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1988 – 5000 meter damer
Utmerkingar Fanny Blankers-Koen Carrièreprijs, Kraantje Lek Trofee
Yvonne van Gennip og Leo Visser i 1988

Yvonne Maria Therèse van Gennip (fødd 1. mai 1964) er ein nederlandsk tidlegare skeiseløpar frå Haarlem som vann tre gullmedaljar under Vinter-OL 1988 i Calgary.

Gennip deltok i dei olympiske vinterleikane 1984 i Sarajevo, der ho som best kom på femteplassen på 3 000 meter. Året etter vart ho nummer to i europameisterskapen i Groningen og fire ved firkamp-VM i Sarajevo, to plasseringar ho gjentok heilt nøyaktig i 1986-sesongen. Vinteren 1987 enda på andreplassen i EM for tredje året på rad, medan ho sikra seg bronseplassen då Skeise-VM 1987 fann stad i West Allis i USA.

OL-sesongen 1988 tok Gennip i januar ein ny bronse, i det høvet ved europameisterskapen på Kongsberg. Under vinterleikane 1988 i Calgary i februar overraska ho storleg. Etter å ha forbetra verdsrekorden på 3000 meter med nesten fem sekundar til 4.11,9, lukkast ho knipe OL-gullet framfor storfavoritten Andrea Ehrig-Mitscherlich som fekk notert 4.12,0. Fire dagar seinare slo ho storfavoritt Karin Enke med to tidels sekund på 1500 meter og tok eit nytt sensasjonelt OL-gull. Mindre overraskande var det at ho på 5 000 m dagen etter vann gullmedalje nummer tre på tida 7.14,1, sju sekundar under sin eigen gamle verdsrekord. Med sine tre gullmedaljar vart Gennip leikanes mestvinnande deltakar, saman med den finske skihopparen Matti Nykänen.

Sidan vart Gennip nummer tre i Skeise-VM 1989 og i EM 1991 i Sarajevo. I sin siste sesong, OL-sesongen 1992, enda ho på fjerdeplassen ved europameisterskapen i Heerenveen og på sjettplassen på 3000 meter under vinter-OL i Albertville.