Hopp til innhald

Works av Pink Floyd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Works
Samlealbum av Pink Floyd
Språk engelsk
Utgjeve 18. juni 1983
Innspelt 1967–1973
Sjanger Progressiv rock, psykedelisk rock
Lengd 42:10
Selskap Capitol
Produsent Joe Boyd, Pink Floyd, Norman Smith
Pink Floyd-kronologi 
The Final Cut
(1983)
Works A Momentary Lapse of Reason
(1987)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2/5 stars[1]
Rolling Stone3/5 stars [2]

Works er ei samleplate av Pink Floyd frå 1983, gjeve ut av deira tidlegare amerikanske plateselskap Capitol Records. Albumet er mest kjend for å innehalde songen «Embryo», og dette er i dag einaste staden der ein kan finne dette sporet offisielt. I januar 1970 vart det derimot gjeve ut på ei sjeldan samleplate med forskjellige artistar kalla Picnic - A Breath of Fresh Air. Songen vart mykje spelt på konsertane til Pink Floyd rundt 1970. I tillegg inneheld albumet alternative versjonar av «Brain Damage» og «Eclipse», og antakeleg er dette stereomiksar frå den kvadrofoniske utgåva av The Dark Side of the Moon.

Side ein
  1. «One of These Days» – 5:50 (frå Meddle, inneheld delar av «Speak to Me» frå The Dark Side of the Moon)
  2. «Arnold Layne» – 2:52 (singel frå 1967 - ein uekte «stereomiks» tatt frå den originale monomiksen som ein finn på albumet Relics)
  3. «Fearless» – 6:03 (frå Meddle)
  4. «Brain Damage» – 3:50 (frå The Dark Side of the Moon - alternativ miks)
  5. «Eclipse» – 1:45 (frå The Dark Side of the Moon - alternativ miks)
Side to
  1. «Set the Controls for the Heart of the Sun» – 5:23 (frå A Saucerful of Secrets)
  2. «See Emily Play» – 2:54 (singel frå 1967 - ein uekte «stereomiks» tatt frå den originale monomiksen som ein finn på albumet Relics.)
  3. «Several Species of Small Furry Animals Gathered Together in a Cave and Grooving with a Pict» – 4:47 (frå Ummagumma)
  4. «Free Four» – 4:07 (frå Obscured by Clouds)
  5. «Embryo» – 4:39 (frå samlinga Picnic - A Breath of Fresh Air frå 1970)

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Salslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1983) Plassering
Australia (Kent Music Report)[3] 64
US Billboard 200[4] 68
  1. Kellman, Andy (2011). «Works - Pink Floyd | AllMusic». allmusic.com. Henta 10. juli 2019. 
  2. «Pink Floyd: Album Guide | Rolling Stone Music». rollingstone.com. 2011. Henta 10. juli 2019. 
  3. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (Illustrated utg.). St. Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 233. ISBN 0-646-11917-6. 
  4. "Pink Floyd Album & Song Chart History" Billboard 200 for Pink Floyd. Prometheus Global Media. Henta 29. juni 2019.