Words of Love
Words of Love Singel av Buddy Holly frå albumet Buddy Holly | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 20. juni 1957 | |
Innspelt | 8. april 1957 | |
Sjanger | Poprock | |
Lengd | 1:56 | |
Selskap | Coral 61852 | |
Komponist | Buddy Holly | |
Tekstforfattar | Buddy Holly | |
Låtskrivar(ar) | Buddy Holly | |
Produsent | Norman Petty | |
Buddy Holly-kronologi | ||
«Modern Don Juan» (1956) |
Words of Love | «That'll Be the Day» (1957)
|
«Words of Love» er ein song skriven og spelt inn av Buddy Holly.
Originalversjonen
[endre | endre wikiteksten]Holly spelte inn songen den 8. april 1957. Holly song sin eigen harmonivokal, noko dei fekk til ved å kombinere lydbandinnspelingane for kvar del. Songen vart ikkje ein stor hit for Holly, men har sidan blitt rekna som ein av dei viktigaste innspelingane hans og finst på mange av samleplatene hans.[1]
Eit samlealbum kalla Words of Love kom ut på PolyGram i Storbritannia i 1993, og nådde førsteplassen på albumlista i USA og selde til gullplate..[2]
The Diamonds-versjonen
[endre | endre wikiteksten]Ein doo-wop-versjon av Diamonds kom ut på Mercury Records den 20. mai 1957, og nådde 13. plassen på Billboard Hot 100 i juli 1957. The Diamonds framførte òg songen på direktefjernsyn på showet Circus Time den 27. juni 1957, og han finst på albumet Pop Hits frå 1962.
The Beatles-versjonen
[endre | endre wikiteksten]Words of Love Song av The Beatles frå albumet Beatles for Sale | ||
Utgjeve | 4. desember 1964 | |
Innspelt | 18. oktober 1964 | |
Sjanger | Poprock | |
Lengd | 2:12 (mono), 2:02 (stereo) | |
Selskap | Parlophone | |
Komponist | Buddy Holly | |
Tekstforfattar | Buddy Holly | |
Låtskrivar(ar) | Buddy Holly | |
---|---|---|
Produsent | George Martin |
The Beatles gav ut ein versjon av songen den 18. oktober 1964 for det britiske albumet Beatles for Sale. I USA kom han først ut på albumet Beatles VI. Han kom òg på EP-en Beatles for Sale No. 2, på Parlophone/EMI i 1965. John Lennon og Paul McCartney, som var fans av Holly, song i harmoni med George Harrison,[3] og heldt seg nær til den originale vokalen til Holly. Ringo Starr spelte på ein kasse, i tillegg til trommer, for å få ein liknande lyd som på Holly sin «Everyday».[4]
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- John Lennon – solovokal, rytmegitar
- Paul McCartney – solovokal, bass
- George Harrison – harmonivokal, sologitar
- Ringo Starr – trommer, kasse
- I følgje Ian MacDonald[5]
Andre innspelingar
[endre | endre wikiteksten]Ei framføring av songen frå 1963 vart spelt inn for BBC og finst på samlealbumet On Air – Live at the BBC Volume 2 frå 2013. Innspelinga var òg med på ein EP frå albumet, og ein DVD eller Blu-ray som kom med albumet 1+ frå 2015.
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- Jessica Lea Mayfield spelte ein versjon av songen for Starbucks-samlinga Sweetheart: Our Favorite Artists Sing Their Favorite Love Songs.[6]
- Paul McCartney spelte inn ein eigen versjon av songen i 1985 på akustisk gitar. Versjonen hans vart nytta i dokumentarfilmen The Real Buddy Holly Story.
- Pat DiNizio spelte inn songen for hyllestalbumet Pat DiNizio/Buddy Holly i 2009.[7]
- Powerpop-bandet Shoes spelte inn songen for hyllestalbumet Everyday Is a Holly-Day frå 1989.[8]
- Jimmy Gilmer and the Fireballs gav ut eein versjon av songen i 1964 på albumet Buddy's Buddy.[9]
- Mike Berry spelte inn songen i 1999 for hyllestalbumet Buddy—A Life in Music.[10]
- Pete Best Band spelte inn songen i 1999.
- Jeremy Jay spelte inn songen i 2009.
- Patti Smith sin versjon av songen kom ut i 2011 Rave on Buddy Holly, eit hyllestalbum til Holly.[11]
- Jeff Lynne spelte ein versjon av songen for hyllestalbumet Listen to Me: Buddy Holly, som kom ut i 2011.[12]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Words of Love» frå Wikipedia på engelsk, den 10. februar 2018.
- ↑ Song artist 320 – Buddy Holly. tsort.org.
- ↑ Album artist 211 – Buddy Holly. tsort.org.
- ↑ http://www.beatlesebooks.com/words-of-love
- ↑ Official Beatles' version
- ↑ MacDonald, Ian (2005). Revolution in the Head: The Beatles' Records and the Sixties (2nd rev. utg.). London: Pimlico (Rand). s. 140–141. ISBN 1-84413-828-3.
- ↑ «Various - Sweetheart '09 (Our Favorite Artists Sing Their Favorite Love Songs)». Discogs. Henta 10. februar 2018.
- ↑ «Pat DiNizio/Buddy Holly - Pat DiNizio». AllMusic. Henta 10. februar 2018.
- ↑ «Various - Everyday is a Holly-Day». Discogs. Henta 10. februar 2018.
- ↑ «Jimmy Gilmer - Buddy's Buddy (Buddy Holly Songs by Jimmy Gilmer)». Discogs. Henta 10. februar 2018.
- ↑ Second Hand Songs: Words of Love.
- ↑ «Rave on Buddy Holly - Various Artists». AllMusic. Henta 10. februar 2018.
- ↑ «Various - Listen to Me: Buddy Holly». Discogs. Henta 10. februar 2018.