Wikipedia:Wiki Loves Monuments 2011
Wiki Loves Monuments er ein internasjonal fotokonkurranse som blir arrangert i september 2011. Emne er freda/bevaringsverdige bygningar og element (kulturminne). Blant bileta som deltakarane sender inn, vel ein jury dei beste frå Noreg og gjev dei premiar. I 2010 var konkurransen ein suksess i Nederland, resultatet var 12500 bilete av meir enn 8000 ulike freda/bevaringsverdige bygg og element (kulturminne).
Europa
[endre wikiteksten]Wiki Loves Monuments 2011 er sett opp som ein europeisk konkurranse. Dette betyr at du kan laste opp foto av freda/bevaringsverdige bygg og element (kulturminne) du har tatt frå eit av dei meir enn ti deltakande landa i september. Om du deltek, kan du vinne ein av dei mange premiane som kvart einskild land deler ut, og kanskje til og med bli med i konkurransen om ein av dei europeiske premiane.
Konkurransen blir arrangert i samarbeid med andre chapters innafor Wikimedia (som organiserer konkurransen i sine land) og nasjonale og europeiske organisasjonar som er aktive innafor kulturarv.
Ein oversikt over deltakarland og statusen deira ligg på prosjektsida på Wikimedia Commons.
Noreg
[endre wikiteksten]Spørsmål kan bli retta til WMNO / Jørund Leknes.
Bakgrunnsstoff
[endre wikiteksten]- Website Wiki loves Monuments Europa
- Wiki Loves Monuments 2011 på WMNO-wikien