When I Was Young
When I Was Young Singel av Eric Burdon and The Animals | ||
B-side |
«A Girl Named Sandoz» | |
---|---|---|
Utgjeve | 8. april 1967 | |
Sjanger | hard rock, Psykedelisk rock, rock, progressiv | |
Lengd | 3:00 | |
Selskap | MGM | |
Låtskrivar(ar) | Eric Burdon, Vic Briggs, John Weider, Barry Jenkins, Danny McCulloch | |
Produsent | Tom Wilson | |
Eric Burdon and The Animals-kronologi | ||
When I Was Young | «San Franciscan Nights» (1967)
|
«When I Was Young» er ein song av The Animals med Eric Burdon på vokal frå 1967. Han kom ut som singel den 8. april dette året. Singelen nådde andreplassen i Australia, 10. plass i Canada, 15. plass i USA og 7. plass i Nederland.
Songen er kjend for det indiske riffet, spelt på ein elektrisk gitar og ein fiolin. Den noko sjølvbiografiske songen fortel soga om faren hans, som var soldat i andre verdskrigen, samt første gongen Burden røykte ein sigarett og møtte den første kjærleiken sin.
Songen er spelt inn sidan av mange punkrock- og heavy metal-band. Artistar som har spelt inn eller framført songen er mellom andre:
- Trek with Quintronic (1981)
- Riot (1982)
- Tina Turner (1984)
- Poison 13 (1984)
- Riblja Čorba (1992)
- Ramones (1993)
- Golden Earring (1995)
- Ed Kuepper (2000)
- Inmates (2003)
- Eddie Fisher
- The Carnabeats
- Fleire konsertopptak av Eric Burdon
«When I Was Young» er òg det første verset på «The Logical Song» av Supertramp.
B-sida «A Girl Named Sandoz», er kalla opp etter farmasøytfirmaet som fann opp LSD. Denne songen var sidan spelt inn av The Smashing Pumpkins.