Vitskap i 1876
Utsjånad
Vitskapsår |
1874 | 1875 | 1876 | 1877 |1878 |
Kategoriar |
Vitskapsåret 1876 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 1876.
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]- 1. januar - Det britisk patentkontoret (Patent Office, 1852) utvida med to avdelingar for høvesvis varemerke (Trade Marks Registry) og mønstervern (Designs Registry). Den sistnemnde vart grunnlagt i 1839, men vart no overført til patentkontoret. Varemerkelova vart vedteken av det britiske parlamentet den 13. august 1875. Innkomne søknader vart publisert i Trade Marks Journal (første nummer kom 3. mai 1876). Det første verksemdsåret kjem det inn 3 698 søknader for 10 384 ulike varemerke og det vart gjeve vern for 9 176 dekorative og 141 nyttige mønster.
- 14. februar - Alexander Graham Bell leverte patentsøknaden på telefonen.
- Nicolaus Otto fann opp ottomotoren.
- Lars Magnus Ericsson starta verkstaden sin - grunnlaget for Ericsson - på Drottninggatan i Stockholm.
- Patrick Manson byrja å studere filarios-infeksjonar hos menneske.
Prisvinnarar
[endre | endre wikiteksten]- Copleymedaljen: Claude Bernard, fransk fysiolog.
- Rumfordmedaljen: Pierre Jules César Janssen, fransk astrofysikar.
- Wollastonmedaljen: Thomas Henry Huxley, britisk biolog. [1]
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- 13. januar : Erhard Schmidt, tysk matematikar (død 1959)
- 22. april - Robert Bárány, austerriksksvensk lege, nobelprisvinnar i medisin (død 1936)
- 9. november - Hideyo Noguchi, japansk bakteriolog (død 1928)
- 10. desember - Sven Wingquist, svensk ingeniør og oppfinnar, grunnlegger av Svenska Kullagerfabriken (død 1953)
Døde
[endre | endre wikiteksten]- 26. november - Karl Ernst von Baer, estisk-tysk biolog (fødd 1792)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Vitenskapsåret 1876» frå Wikipedia på bokmål, den 16. februar 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Geological Society». Henta 13. april 2011.