Vinter-OL 2006
Vinter-OL 2006 | ||
Vertsby | Torino i Italia | |
Nasjonar | 85 | |
Idrettsgreiner | 15 | |
Opna | 10. februar 2006, av Carlo Azeglio Ciampi | |
Avslutta | 26. februar 2006 | |
Utøvarar | ||
---|---|---|
Menn | 1 389 | |
Kvinner | 787 | |
Totalt | 2 176 | |
Dei olympiske vinterleikane |
Dei 20. olympiske vinterleikane vart haldne i 2006 i Torino i Italia. Det var andre gong Italia arrangerer vinter-OL, første gong var i Cortina d'Ampezzo i 1956. Det vart tredje OL i Italia til saman, ettersom sommar-OL 1960 gjekk i Roma.
20 000 frivillige var involvert i leikane, dei tok imot utøvarane, tilskodarane og journalistane, og gjorde i stand arenaene til tevlingane.
Tevlingane vart arrangert i sju ulike byar: Torino, Bardonecchia, Cesana Torinese, Pinerolo, Pragelato, Sauze d'Oulx og Sestriere.
Maskotane var Neve og Gliz. Neve (it. 'snø') er ein kvinneleg snøball, og Gliz er ein energisk mannleg isbit.
Norsk flaggberar under opningsseremonien var Pål Trulsen, som deltok i curling.
Valet av arrangørstad
[endre | endre wikiteksten]Torino fekk leikane i første rekkje i konkurranse med Sion i Sveits. Under IOK-kongressen i Seoul i 1999 blei Torino vald til arrangør i siste røysterunde med 53 mot 36 røyster. Helsingfors i Finland, Poprad-Tatry i Slovakia, Zakopane i Polen og Klagenfurt i Austerrike fall ut tidlegare i stemmeperioden. Sion var den store favoritten, derfor var det overraskande at Torino vann. At italienarane trekte det lengste strået kan blant anna ha hatt samanheng med at Roma tapte konkurransen om sommarleikane i 2004 i konkurranse med Athen.
Idrettsgreiner
[endre | endre wikiteksten]- Aking, bobsleigh og skeleton
- Curling
- Freestyle
- Ishockey
- Kortbaneløp på skeiser
- Kunstløp
- Alpine greiner
- Nordiske greiner
- Skeiseløp
- Skiskyting
- Snøbrett
Kalender
[endre | endre wikiteksten]Dato: | 10 | 11 | 12 | 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 | 20 | 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Seremoniar | |||||||||||||||||
Aking | |||||||||||||||||
Alpint | |||||||||||||||||
Bob | |||||||||||||||||
Curling | |||||||||||||||||
Freestyle | |||||||||||||||||
Hurtigløp på skøyter | |||||||||||||||||
Ishockey | |||||||||||||||||
Kombinert | |||||||||||||||||
Kortbaneløp på skøyter | |||||||||||||||||
Kunstløp | |||||||||||||||||
Langrenn | |||||||||||||||||
Skeleton | |||||||||||||||||
Skihopping | |||||||||||||||||
Skiskyting | |||||||||||||||||
Snøbrett | |||||||||||||||||
Dato | 10 | 11 | 12 | 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 | 20 | 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 |
Den norske troppen
[endre | endre wikiteksten]Noreg deltok med 74 deltakarar i OL i Torino. Sjå norske deltakarar i Vinter-OL 2006.
Noreg tok 19 medaljar totalt, av desse var 9 bronse, 8 sølv og berre 2 gull. Dette var det svakaste resultatet sidan Vinter-OL 1988 og skapte ein debatt i media etter OL om kva som gjekk gale. Det var særleg langrennsløparane som presterte under det som var forventa på førehand. Desse nordmennene tok medalje:
Alpint:
- Kjetil André Aamodt (gull super-G)
Freestyle:
- Kari Traa (sølv kulekjøring)
Kombinert:
- Magnus Moan (sølv 7,5 km, bronse 15 km)
Langrenn:
- Frode Estil (sølv 15+15 km)
- Marit Bjørgen (sølv 10 km klassisk)
- Hilde Gjermundshaug Pedersen (bronse 10 km klassisk)
- Jens Arne Svartedal og Tor Arne Hetland (sølv klassisk lagsprint)
Skihopping:
- Lars Bystøl (individuelt: gull normalbakke, bronse stor bakke)
- Roar Ljøkelsøy (individuelt: bronse normalbakke)
- Lars Bystøl, Bjørn Einar Romøren, Tommy Ingebrigtsen og Roar Ljøkelsøy (bronse laghopping)
Skiskyting:
- Ole Einar Bjørndalen (sølv 20 km, sølv 12,5 km jaktstart, bronse 15 km fellesstart)
- Halvard Hanevold (sølv 10 km, bronse 20 km)
- Frode Andresen (bronse 10 km)
Snøbrett:
- Kjersti Buaas (bronse halfpipe)
Resultat
[endre | endre wikiteksten]Medaljestatistikk
[endre | endre wikiteksten](etter 84 av 84 øvingar)
Dei beste landa | |||||
---|---|---|---|---|---|
Nr. | Land | G | S | B | Totalt |
1 | Tyskland | 11 | 12 | 6 | 29 |
2 | USA | 9 | 9 | 7 | 25 |
3 | Austerrike | 9 | 7 | 7 | 23 |
4 | Russland | 8 | 6 | 8 | 22 |
5 | Canada | 7 | 10 | 7 | 24 |
6 | Sverige | 7 | 2 | 5 | 14 |
7 | Sør-Korea | 6 | 3 | 2 | 11 |
8 | Sveits | 5 | 4 | 5 | 14 |
9 | Italia | 5 | 0 | 6 | 11 |
10 | Frankrike | 3 | 2 | 4 | 9 |
Nederland | 3 | 2 | 4 | 9 | |
12 | Estland | 3 | 0 | 0 | 3 |
13 | Noreg | 2 | 8 | 9 | 19 |
14 | Kina | 2 | 4 | 5 | 11 |
15 | Tsjekkia | 1 | 2 | 1 | 4 |
16 | Kroatia | 1 | 2 | 0 | 3 |
17 | Australia | 1 | 0 | 1 | 2 |
18 | Japan | 1 | 0 | 0 | 1 |
19 | Finland | 0 | 6 | 3 | 9 |
20 | Polen | 0 | 1 | 1 | 2 |
21 | Bulgaria | 0 | 1 | 0 | 1 |
Kviterussland | 0 | 1 | 0 | 1 | |
Slovakia | 0 | 1 | 0 | 1 | |
Storbritannia | 0 | 1 | 0 | 1 | |
25 | Ukraina | 0 | 0 | 2 | 2 |
26 | Latvia | 0 | 0 | 1 | 1 |
Poengfordeling
[endre | endre wikiteksten](etter 84 av 84 øvingar)
Nr. | Nasjon | Poeng |
---|---|---|
1 | Tyskland | 210 |
2 | Canada | 186 |
3 | USA | 173,5 |
4 | Austerrike | 152 |
Russland | 152 | |
6 | Noreg | 141,5 |
7 | Sverige | 99,5 |
8 | Sveits | 93 |
9 | Italia | 91 |
10 | Frankrike | 79 |
11 | Sør-Korea | 70 |
12 | Kina | 68 |
13 | Nederland | 63 |
14 | Finland | 62 |
15 | Tsjekkia | 31 |
16 | Japan | 26,5 |
17 | Estland | 23 |
18 | Kroatia | 21 |
19 | Kviterussland | 16 |
20 | Storbritannia | 14 |
Australia | 14 | |
22 | Polen | 13 |
23 | Ukraina | 9 |
24 | Bulgaria | 8 |
25 | Slovakia | 79 |
26 | Latvia | 8 |
27 | Ungarn | 5 |
28 | Slovenia | 3 |
Spania | 3 | |
Kypros | 3 | |
31 | Liechtenstein | 1 |
Kasakhstan | 1 |
Poenga er rekna ut slik: Gull: 7 poeng, sølv: 5 poeng, bronse: 4 poeng, 4. plass: 3 poeng, 5. plass: 2 poeng, 6. plass: 1 poeng
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Torino 2006 Arkivert 2005-10-27 ved Wayback Machine.
- NBC Winter Olympics
- 2006 Torino Winter Olympics Blog
- Torino 2006 Olympics blog Arkivert 2014-01-05 ved Wayback Machine. Skriven av nordmann busett i Italia
- Bilete frå Torino