Vermiculitt
Vermiculitt | |||
| |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Fylosilikat | ||
Kjemisk formel | (Mg+2, Fe+2, Fe+3)3 [(AlSi)4O10]•(OH)2•4H2O | ||
Identifikasjon | |||
Farge | brun, gulbrun, gylden gul, bronsegul, grønaktig til svartaktig | ||
Kløyv | {001} god | ||
Mohs hardleiksskala | 1 — 1.5 | ||
Glans | feittete eller glasaktig (perleaktig på kløyvplan) | ||
Strekfarge | kvit eller gulaktig, skinande | ||
Spesifikk vekt | 2.4 – 2.7 (0.065 — 0.130 når avskala) | ||
Smeltepunkt | 1350 °C (avskalar ved 900…1000 °C) |
Vermiculitt er ei gruppe leirmineral med generell formel (Mg,Fe,Al)3(Si,Al)4O10(OH)2·4H2O. Dei blir danna ved forvitring av glimmerar, som gjev av kalium og opptek vatn. Særleg biotitt vert lett omdanna, først til hydrobiotitt og deretter til vermiculitt.
Ved oppvarming av vermiculitt ekspanderer mineralet (eksfoliasjon) under avgjeving av vatn, flaka krummar seg som ormar (derav namnet) og svulmar opp til ein særs lett og porøs masse. Det vert nytta i store mengder som isolasjonsmateriale, tilsetning til lettbetong og liknande.
Store førekomstar finst blant anna i Montana i USA, og Transvaal i Sør-Afrika. I Noreg er det kjent frå granittpegmatitt i Iveland og som ein ikkje liten bestanddel av leirene i Noreg.
Vermiculitt vart først skildra i 1824 etter ein førekomst i Millbury i Massachusetts i USA. Namnet kjem frå latinsk vermiculare, å avle ormar etter måten mineralet avskalar på når det vert oppvarma.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Vermiculitt. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/vermiculitt.