Verdscupen i skihopping 1984
Utsjånad
Verdscupen i skihopping 1984 omfatta 24 tevlingar. Turneringa tok til med eit normalbakkerenn 10. desember 1983 i Thunder Bay i Canada og vart avslutta i storbakken i Planica i Jugoslavia den 25. mars 1984. Dei 23 tevlingane fordelte seg på 8 i normalbakkar, 14 i storbakkar og 2 i skiflyging, begge skiflygingstevlingane fann stad i Oberstdorf i Vest-Tyskland.
Jens Weißflog frå Aust-Tyskland sikra seg FIS-premien, etter ein tett strid med fjorårsvinnar Matti Nykänen frå Finland. I tevlinga for landslag vann Finland, fattige 7 poeng framom Aust-Tyskland. Noreg kom på femteplass.
Individuelt
[endre | endre wikiteksten]Plass | Utøvar | Land | Poeng | Sigrar |
---|---|---|---|---|
1 | Jens Weißflog | Aust-Tyskland | 230 | 6 |
2 | Matti Nykänen | Finland | 217 | 5 |
3 | Pavel Ploc | Tsjekkoslovakia | 148 | 2 |
4 | Jeff Hastings | USA | 123 | 1 |
5 | Jiří Parma | Tsjekkoslovakia | 122 | 2 |
6 | Primož Ulaga | Jugoslavia | 120 | 1 |
7 | Klaus Ostwald | Aust-Tyskland | 118 | 1 |
8 | Horst Bulau | Canada | 102 | 1 |
9 | Jari Puikkonen | Finland | 101 | |
10 | Vegard Opaas | Noreg | 96 | 1 |
11 | Armin Kogler | Austerrike | 95 | |
12 | Per Bergerud | Noreg | 80 | |
13 | Andreas Bauer | Vest-Tyskland | 80 | |
14 | Vladimir Podzimek | Tsjekkoslovakia | 76 | 1 |
15 | Andreas Felder | Austerrike | 75 | |
16 | Pentti Kokkonen | Finland | 64 | |
17 | Piotr Fijas | Polen | 57 | |
18 | Adolf Hirner | Austerrike | 56 | |
19 | Ernst Vettori | Austerrike | 45 | |
20 | Veli-Matti Ahonen | Finland | 43 | |
21 | Ladislav Dluhoš | Tsjekkoslovakia | 42 | |
22 | Mike Holland | USA | 41 | |
23 | Ole Gunnar Fidjestøl | Noreg | 41 | |
24 | Masahiro Akimoto | Japan | 40 | 1 |
Manfred Steiner | Austerrike | 40 | 1 | |
26 | Rolf Åge Berg | Noreg | 40 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Skisprung-Weltcup 1983/84» frå Wikipedia på tysk, den 18. februar 2021.