Hopp til innhald

Vele Srakane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vele Srakane
Vele Srakane med Male Srakane i bakgrunnen
Vele Srakane med Male Srakane i bakgrunnen
Geografi
Stad Adriahavet
Koordinatar 44.5822° N 14.3097° E

Areal 1,18 km²

Høgaste punkt Vela Straža (59 moh.)

Administrasjon
Land Kroatia
Fylke Primorje-Gorski Kotar

Demografi
Folketal 8 (2001)

Vele Srakane er ei øy i Adriahavet ved Kroatia. Ho ligg mellom Lošinj, Unije og Susak, like nord for Male Srakane. Ho har eit areal på 1,18 km²[1], og berre 8 innbyggjarar (2001).[2] Den høgaste toppen er Vela Straža på 59 meter.[1] Øya har ingen bilar, butikkar eller innlagd vatn, men har elektrisitet.[3] Det finst ingen hamner på øya, berre to betongkaiar.[3] Øya har vore busett sida førhistorisk tid, mellom anna på Vela Straža [4]

  1. 1,0 1,1 peljar.cvs.hr
  2. Statistisk årbok for Kroatia 2006
  3. 3,0 3,1 Fisketurar til Vele Srakane, arkivert frå originalen 11. juli 2007, henta 13. mars 2007 
  4. Vele Srakane på Lošinj turiststyre si side, arkivert frå originalen 29. september 2007, henta 13. mars 2007