Vasilij Berezutskij
Vasilij Berezutskij | |
Statsborgarskap | Russland |
Fødd | 20. juni 1982 (42 år) Moskva |
Idrett | fotball |
Tok del i | VM i fotball 2014, EM i fotball 2008, EM i fotball 2016 |
Utmerkingar | Venskapsordenen |
Vasilij Vladimirovitsj Berezutskij (fødd 20. juni 1982) er ein russisk tidlegare fotballspelar frå Moskva som i hovudsak var midtstoppar. Han vann UEFA-cupen 2005 med CSKA og spelte EM-semifinale for Russland i 2008.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Berezutskij spelte for Torpedo-SIL i 2000-01. Frå 2002 til han la opp i 2018 gjorde han teneste for CSKA Moskva. Med CSKA vann han sjue cupmeisterskap i åra 2002 til 13 og seks seriemeisterskap i perioden 2003-16. Høgdepunktet må likevel ha vore triumfen i UEFA-cupen 2005, då CSKA sigra i finalen med 3-1 over Sporting Lisboa. Med på UEFA-triumfen var mellom andre tvillingbroren Aleksej Berezutskij.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Vasilij Berezutskij spelte 101 landskampar i tida frå juni 2003 til oktober 2016. Størst framgong hadde Berezutskij og Russland då laget tok seg til semifinale mot Spania under EM i fotball 2008, ein kamp som enda med tap 0-3. Han skåra i alt 5 mål for Russland.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Wassili Wladimirowitsch Beresuzki» frå Wikipedia på tysk, den 13. juni 2021.
- eu-football