Hopp til innhald

Valerie Adams

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Valerie Adams


Statsborgarskap New Zealand
Fødd 6. oktober 1984 (40 år)
Rotorua
Idrett friidrett
Tok del i VM i friidrett 2013, VM i friidrett 2011, VM i friidrett 2009, VM i friidrett 2007, VM i friidrett 2005, VM i friidrett 2003, VM i friidrett innendørs 2016, VM i friidrett innendørs 2014, VM i friidrett innendørs 2010, VM i friidrett innendørs 2008, Kontinentalcupen i friidrett 2010, 2006 IAAF World Cup, Samveldeleikane 2018, Samveldeleikane 2014, Samveldeleikane 2010, Samveldeleikane 2006, Samveldeleikane 2002, Friidrett under Sommer-OL 2004 – Kulestøt kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2008 – Kulestøt damer, Friidrett under Sommer-OL 2012 – Kulestøt damer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – Kulestøt kvinner, friidrett under Sommer-OL 2020 – kulestøt kvinner
Utmerkingar Offiser av New Zealands fortjenstorden, Dame Companion of the New Zealand Order of Merit‎

Valerie Kasanita Adams (fødd 6. oktober 1984) er ein newzealandsk friidrettsutøvar frå Roturoa. Ho vann samtlege gullmedaljar i kulestøyt i verdsmeisterskapane og sommar-OL i tida 2007-13; fire VM-gull og to OL-gull.

193 cm høge Adams vann bronsemedaljen i Helsinki-VM 2005. Året etter støytte ho over 20 meter for fyrste gong, med 20,20 m toppa ho årsstatistikken. Under VM 2007 i Osaka presterte ho personbeste med 20,54 meter og kneip dermed gullmedaljen, seks centimeter framom Nadzeja Ostaptsjuk. Dei komande åra forbetra Adams sin personlege rekord til 20,56 m i 2008 og til 21,07 m i 2010. Ho forsvarte fyrsteplassen i verdsmeisterskapen i så vel 2009, som i 2011 og 2013. Under VM 2011 i Daegu presterte ho sitt livs lengste kulestøyt, 21,24 meter var godt over meteren lengre enn det sølvmedaljør Astapsjuk nådde. Etter 2014 var Adams tidvis hemma av skadar og kom ikkje opp mot tidlegare nivå. Likevel lukkast ho å vinne OL-sølv i 2016 og OL-bronse i 2021.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]

Ho var ei tid gift Valerie Vili.