Hopp til innhald

Vítězslav Veselý

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vítězslav Veselý


Statsborgarskap Tsjekkia
Fødd 27. februar 1983 (41 år)
Hodonín
Idrett friidrett
Tok del i Friidrett under Sommer-OL 2008 – Spydkast herrer, Friidrett under Sommer-OL 2012 – Spydkast herrer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – Spydkast menn, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Spydkast menn
Utmerkingar South Moravian Region Award

Vítězslav Veselý (fødd 27. februar 1983) er ein tsjekkisk friidrettsutøvar frå Hodonin som har tevla i spydkast. Han vart europameister i øvinga i 2012 og verdsmeister i 2013. Sin personlege rekord på 88,34 meter oppnådde han i kvalifiseringa til spydfinalen under Sommar-OL 2012.

Veselý markerte seg internasjonalt då han kasta 81,20 meter og sette personleg rekord i kvalifiseringa til OL-finalen i spydkast i Beijing i 2008, men i sjølve finalen vart han sist av dei tolv deltakarane med 76,76 m. Året etter var han langt unna å kvalifisere seg til finalegruppa under verdsmeisterskapen i Berlin.

Han forbetra den personlege rekorden til 86,45 m i eit stemne i Olomouc i mai 2010. Seinare i sesongen vart han nummer ni i EM. Veselý var nær ved å vinne medalje då han gjorde sitt best kast for året 2011 under VM-finalen i Daegu, med 84,11 m mangla han 19 cm på bronsemedaljen.

Tidleg i juni 2012 vann Veselý «Diamond League»-stemnet på Bislett stadion i Oslo, med 88,11 m sette han personleg rekord med det lengste kastet i verda så langt i sesongen. Han imponerte ikkje i kvalifiseringa til EM-finalen, hadde berre det tiande lengste kastet. Etter eit mislukka fyrstekast i finalen fekk han i andre omgang til eit kast som målte 83,72 m, nok til å sikre seg EM-tittelen. Derimot imponerte han stort i kvalfiseringa til OL-finalen i London i byrjinga av august, der han med 88,34 m presterte årsbeste i verda. I sjølve finalen sleit han, men klarte til sist 83,34 m, noko som gav han ein fjerdeplass i tevlinga.

Under friidretts-VM 2013 i Moskva slo Veselý til med 87,17 meter i fyrste omgang. Finske Tero Pitkämäki var i to kast nær ved å ta over leiinga, men med eit bestekast på 87,07 m måtte han ta til takk med sølvmedalje. Frå europameisterskapane 2014 og 2016 reiste Veselý med sølvmedalje i begge.

Åra 2008-12, 2016 og 2022 vart Veselý tsjekkisk meister i spydkast.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]