Hopp til innhald

Tupí-guaraní-språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tupí-guaraní-språk
Klassifisering: Tupiansk
Vidare inndeling:
Område: Argentina, Brazil, Bolivia, Fransk Guiana, Paraguay, Peru
Glottolog: tupi1276


Utbreiinga til tupi–guarani (rosa), andre tupianske språk (lilla), truleg utbreiingsområde ca. 1500 (grårosa)

Tupí-guaraní-språk er den største undergruppa av tupianske språk, som blir snakka av urfolkgrupper i Sør-Amerika. Ethnologue definerer 53 levande språk i elleve undergrupper, blant desse guaraní, som er offisielt språk og majoritetsspråk i Paraguay.