Tsjerkasy
Tsjerkasy | |||
ukrainsk Черкаси, russisk Черкасcы, Tsjerkassy | |||
by | |||
|
|||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Oblast | Tsjerkasy oblast | ||
Rajon | Tsjerkasy rajon | ||
Høgd | 110 moh. | ||
Koordinatar | 49°26′40″N 32°03′35″E / 49.44444°N 32.05972°E | ||
Areal | 69 km² | ||
Folketal | 286 037 (1. september 2011) | ||
- storby | 286 771 | ||
Folketettleik | 4 145 / km² | ||
Først nemnd | 1286 | ||
• Bystatus | 1795 | ||
Borgarmeister | Serhij Olehovytsj Odarytsj[1] | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 18000 — 18499 | ||
Retningsnummer | +380 472 | ||
fri | АН | ||
Tsjerkasy 49°26′40″N 32°03′35″E / 49.444444444444°N 32.059722222222°E | |||
Kart som viser Tsjerkasy.
| |||
Wikimedia Commons: Cherkasy | |||
Nettstad: www.rada.cherkassy.ua |
Tsjerkasy (ukrainsk Черкаси), eller Tsjerkassy (russisk Черкасcы), er ein by sentralt i Ukraina. Han er hovudstad i Tsjerkasy oblast (provins), og det administrative senteret i den omliggande Tsjerkasky rajon (distrikt) i oblastet.
Byen er eit senter for kultur, utdanning og industri i oblastet og den sentrale økonomiske regionen i Ukraina. Tsjerkasy har vore kjend sidan 1200-talet og spelte ei viktig rolle i historia til Ukraina. Tsjerkasy var senteret for kosakkane, og innbyggjarane her tok del i Khmelnytsjtsjyna og Kolijivsjtsjyna (kosakk- og bondeopprør).
Byen ligg ved høgrebreidda av Dnepr (ved Krementsjukreservoaret), kring 200 km sør for hovudstaden Kiev. Byen er delt inn i to distrikt (rajon): Sosnivskij (med landsbyen Orsjanets) og Pridniprovskij. Byen har kring 290 000 innbyggjarar (2011). I juni 2011 feira byen 725-årsjubileumet sitt.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen Tsjerkasy vart grunnlagt under Kievriket. Byen er nemnt første gongen i 1286. Tsjerkasy er nemnt i gamle russiske annalar og brev frå Krim-khanen Meñli I Giray. Frå 1300- til 1600-talet vart området fleire gonger utsett for fiendtlege åtak. Først frå Den gylne horden, deretter frå tyrkarane og krimtatarar. Som eit forsvar mot fiendar bygde ein ei treborg, Tsjerkasyborga, på staden der det i dag er eit stort monument over sigeren i andre verdskrigen. Byen fortsette å vekse rundt borga. Frå 1400-talet budde det kosakkar i Tsjerkasyområdet. Byen hamna på 1300-talet i Storhertugdømet Litauen og der vart han verande fram til 1569, då heile storhertugdømet kom under polsk styre.
Under det polske styret vart Zaporozje-kosakkane ein del av denkongelege kronarméen. Den første hetmanen til kosakkane var Ostafij Dasjkevytsj, som utførte store tenester for Polen. Den polske kongen Sigismund I (den eldre) gav difor store område, inkludert Tsjerkasy, til kosakkane. Stefan Batory, som ynskte å verne dei sørlege delane av landet mot krimtatarene, gav zaporozje-kosakkane ein arméorganisasjon.
Frå 1589 byrja ein periode med konflikt mellom den polske sentralmakta og kosakkane. Polakkane byrja å trakassere kosakkane for åtaka deira på krimtatarar og tyrkarane som på det tidspunktet hadde ein fredsavtale med Polen og innførte ein kyrkjeleg union mellom dei katolske og ortodokse forsamlingane. Konsekvensen vart mange militære konfliktar mellom kosakkane og den polske hæren, som toppa seg i den såkalla fridomskrigen (1648–1654). Under krigen spelte Tsjerkasy ei viktig rolle i forsvaret mot polske styrkar. Forsvaret leia av nasjonalhelten Bogdan Khmelnitskyj. Han har no statue på Shevtsjenko-boulevarden i Tsjerkasy. Krigen medførte ein union mellom Ukraina og Russland og 1793 vart byen ein del av Det russiske keisarriket og mottok byrettar i 1795.
Den nordlege bydelen vart planlagt i 1826 av den skotske arkitekten William Hastie (i Russland kalla Vasilij Ivanovitsj Geste, Василий Иванович Гесте).[2] Bydelen er utforma som eit rutemønster med breie rette gater og offentlege parkar. Byen Tsjerkasy voks, for ein stor del takka vere jarnbanen som kom til byen 1912 og dampbåtar på Dnepr. I byen vart blant anna den første sukkerrafineriet i Ukraina bygd, i tillegg til tobakksfabrikk og mekanisk fabrikk. Tsjerkasy vart ein av dei viktigaste omlastningsplassene for trevirke som hadde vorte transportert i Dnepr frå nordsida av elva. Tilgjenge til tre er grunnen til dei mange møbelfabrikkane til byen.
I perioden 1922–1991 var Tsjerkasy offisielt ein del av Sovjetunionen, men han kom under sovjetisk kontroll alt 29. januar (16. januar etter juliansk tidsrekning) 1918. Under borgarkrigen var byen ein kortare periode kontrollert av tyske troppar og den kvite armeen. Den raude armeen tok seg inn i byen i desember 1919. Frå 1932 vart Tsjerkasy innlema i Kiev oblast. Under andre verdskrigen, frå 22. august 1941 til 14. desember 1943 var byen okkupert av tyske troppar. 1943–1944 vart ei rekkje tyske divisjonar omringa og nesten utsletta av to sovjetiske frontar i byen (sjå Korsun-Tsjerkassy lomen). I 1954 vart Tsjerkasy hovudstad i det nyopprettete Tsjerkasy oblast, det yngste oblastet i Ukraina), sidan det har folkesetnaden auka til det firedoble. Relativt sett auka levestandarden for innbyggjarane i løpet av 1950-, 1960- og 1970-åra. I løpet av denne perioden vart det bygd nye bustadområde og offentlege bygg. Samstundes vart mange kulturelle institusjonar etablert. Døme på offentlege bygningar er Sovjethuset (1959), Tsjerkasy stasjon (1965), Tsjerkasy sentralstadion (1957), Shevtsjenko musikk- og dramateater (1964) og innandørsmarknaden (1971). Nye føretak i kjemisk industri vart òg etablert.
1954 byrja ein å byggje Krementjukdammen og Krementjuks vasskraftverk i Krementjuk. Desse var fullført 1959. Dette tydde at dei delane av byen som låg lågast og i nærleiken av elva måtte fråflyttast for å gjere plass til den nye dammen. 9. november 1965 fekk byen sin første trolleybuss. I november 1986 vart Tsjerkasy tildelt Arbeidets raude fanes orden etter ein resolusjon i presidiet i det øvste sovjetet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ (ukrainsk) Сергій Одарич формуватиме більшість у міськраді Черкас, Tsjerkasy city council nettstad (November 8, 2010)
- ↑ http://www.jstor.org/pss/985700
- Denne artikkelen bygger på «Cherkasy» frå Wikipedia på engelsk, den 10. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- (ukrainsk) (1972) Icтopiя мicт i ciл Укpaїнcькoї РCP - Черкаськa область, Kiev.
- Denne artikkelen bygger på «Tsjerkasy» frå Wikipedia på bokmål, den 10. september 2012.