Trym Ivar Bergsmo
Trym Ivar Bergsmo | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. januar 1962 Stokmarknes |
Død |
12. oktober 2024 (62 år) |
Yrke | naturfotograf |
Medlem av | Norske Naturfotografer |
Ektefelle | Runa Bergsmo |
Trym Ivar Bergsmo (fødd 18. januar 1962 på Stokmarknes i Vesterålen) er ein norsk naturfotograf og biletkunstnar, busett i Harstad.
Han er utdanna ved Brooks Institute i Santa Barbara, California. Bergsmo har gjeve ut fleire bøker, vore involvert i ei rekkje multimedia- og teaterprosjekt og hatt mange fotoutstillingar. Fotografisk er han spesielt kjend for bileta sine frå Lofoten og Nord-Noreg. Filmen Det du ser er sant, så sant du ser det er ein dokumentar om Bergsmo (vist på NRK1 og NRK2 i 2001/2002).
Bergsmo sine bilete er blant anna kjøpte inn av Nordnorsk Kunstmuseum i Tromsø, Den kongelege Norske Ambassaden i Moskva og H M Dronning Sonja.
Han er medlem av samskipnaden Norske Naturfotografer, Nordnorske Bildende Kunstnere og knytt til biletbyrået Samfoto.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Den andre siden av blått, Cappelen (1996) ISBN 8202159369
- The other side of blue, Cappelen (1996) ISBN 8202167442
- Norway: facing the north (med Bård Løken), Det statlege kinesiske kulturforlaget, Beijing, Kina (2001)
- Boazojahki, et år med reindriftssamene, Pantagruel Forlag (2001) ISBN 8279001263
- Lofoten, Pantagruel Forlag (2001) ISBN 9788279001034
- Kirkemellom, Forlaget God Strek (2003) ISBN 8291984077
- Den Arktiske Drømmen, Cappelen (2007) ISBN 9788202263737
- The Arctic Dream, Cappelen (2007) ISBN 9788202273507
Utstillingar
[endre | endre wikiteksten]- 1986 Debutantutstilling, Hadsel Kunstforening.
- 1986 SKINN, Sortland, Leknes, Andenes, Lødingen, Narvik og Mosjøen.
- 1988 Hadsel Kunstforening
- 1989 Vågan Kunstforening
- 1990 Karlsruhe, Tyskland, nordnorske landskap / frigjeringa av Aust-Tyskland
- 1991 Hadsel Kunstforening
- 1993-1994 Reisande utstilling i Tyskland, Nordnorske landskap.
- 1994-1995 Karlsruhe, Tyskland.
- 1997 Festspillene i Nord-Noreg.
- 1997 Hadsel kunstforening
- 2002 Festspillene i Nord-Norge, Harstad juni 2002.
- 2003 Alta Museum
- 2003 Hadsel Kunstforening
- 2003 Nordlysfestivalen (Festivalkunstner) i Tromsø
- 2003 Tromsø Museum
- 2004 Galleri Nord-Norge, Harstad Kunstforening
- 2004 Norsk Folkemuseum
- 2004 Samisk Kunstnersenter, Karasjok
- 2004 Sámi Museum, Inari, Finland