Hopp til innhald

Troon

Koordinatar: 55°32′N 4°40′W / 55.533°N 4.667°W / 55.533; -4.667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Troon

skotsk-gælisk
skotsk
An Truthail
The Truin
Templehill i Troon
Templehill i Troon
Templehill i Troon
Plassering
Troon is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  Skottland
Region South Ayrshire
Tradisjonelt grevskap Ayrshire and Arran
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

14 766
Koordinatar 55°32′N 4°40′W / 55.533°N 4.667°W / 55.533; -4.667
Diverse annan informasjon
Postnummer KA10
Telefon-retningsnummer 0 1292
Commons har multimedium som gjeld: Troon

Troon er ein by i regionen South Ayrshire i Skottland. Han har kring 15 000 innbyggjarar og ligg på vestkysten, omkring 14 km nord for Ayr og 5 km nordvest for Glasgow Prestwick International Airport. Namnet blir trudd å kome frå walisisk trwyn, som tyder «nase» eller «kapp», noko som ser ut til å vise til plasseringa.

Troon er ein hamneby, som betener både ferjer til Larne og frakteskip. Hamna var viktig for utviklinga til byen. Verftet Ailsa Shipbuilding Company var eit viktig føretak inntil drifta vart lagt ned i 2003. Hamna vart redda av at fiskeflåten frå Ayr flytta til den ledige plassen verftet etterlét seg i Troon.

Byen er kjent for golfbanen sin, Royal Troon, som er ein av klubbane som er vertskap for Open Golf Championship.