Tributt
Utsjånad
Tributt er ei yting ein er skuldig nokon. Det kan brukast om ei skatteytingar eller avgifter, særleg dei ein vasallstat yter til ei sentralmakt. «Tributt» blir også brukt i tydinga hyllest.
I Romarriket var tributt opphavleg ein formuesskatt som blei oppkravd etter tribus. Sidan viste det til ein alminneleg riksskatt som blei oppkravd i nødstider.
Sidan har tributt vist til avgifter betalt av undertvinga folk til overherrane sine.
Ordet «tributt» er avleidd av latin tributum ('bidrag, skatt'), perfektum partisipp av tribuere ('tilstå, yte').
Sjå og
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Tributt» (15. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 19. februar 2014.
- «tributt» i Nynorskordboka.