Topdalselva
Topdalselva | |||
elv | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Agder | ||
Kommunar | Kristiansand, Froland, Birkenes, Åmli | ||
Nedslagsfelt | 1 800 km² | ||
Lengd | 143 km | ||
Middelvassføring | 65 m³/s | ||
Munning | Topdalsfjorden | ||
Tovdalselva 58°12′N 8°06′E / 58.2°N 8.1°E | |||
Wikimedia Commons: Tovdalselva |
Topdalselva (Tovdalselva) er ei 143 km lang elv og den lengste elva på Sørlandet som framleis renn fritt heile vegen. Elva møter havet i Topdalsfjorden mellom Hamresanden og Kristiansand lufthamn, Kjevik. Ho er verna i forhold til Verneplan IV for vassdrag mot kraftutbygging frå Rjukanfossen (ikkje same foss som på Rjukan) i Åmli kommune og nordover. Gjennomsnittleg vassføring ved utløpet er 65 m³/s.
Elva har eit austleg og eit vestleg utspring som går saman i Herefossfjorden. Den austlege delen, Tovdalsgreina, er smal og langstrekt og har utspringet sitt i fjelltraktene mellom Valle i Aust-Agder og Fyresdal i Telemark. Øvre delar av vassdraget har mange innsjøar, med Straumsfjorden (757 moh.) som den største.
Den vestlege greina, Uldalsgreina, har tre tilførselselvar: Skjeggedalsåna, Vatnedalsåna og Hovlandsåna. Her er det òg ein kraftstasjon, Hanefossen kraftverk. Det er òg et mindre vasskraftverk i den nedre delen av elva.
Topdalselva får òg tilførsel frå eit tredje, noko mindre sidevassdrag, med innsjøen Ogge i sentrum. Ogge har to utløp. Det største av desse er Rettåna, som går nordover til Uldalsgreina. Dikeelva renn ut i Flakksvann i Birkenes langt nede i vassdraget.
Nedslagsfeltet er om lag 1800 km² og det høgaste utspringet ligg på 1101 moh. Følgjande kommunar har delar av dette feltet: Fyresdal, Valle, Bygland, Evje og Hornnes, Åmli, Froland, Grimstad, Birkenes, Iveland, Lillesand og Kristiansand.
Laksefiske
[endre | endre wikiteksten]Topdalselva var lenge ei av de beste lakseelvane i landet. I åra 1880-83 var ho nummer tre i landet, rekna både etter vekt og verdi. Sur nedbør byrja å slå ut for Tovdalselva alt ved inngangen til 1900-talet. Omkring 1970 var laksebestanden i Topdalselva tapt.
Det vart starta kalking i 1997, og dette har byrja å gje resultat for fiskebestanden. I 2003 vart det fanga om lag 300 kg laks. Dette er likevel særs lite i forhold til toppåra på 1880-talet då fangsten var over 12 tonn. Laksen kan i dag vandre opp til Herefossfjorden, ei strekning på om lag 45 km. Tidlegare gjekk han noko høgare, til Storefoss ovanfor Gauslåfjorden.
Namnet
[endre | endre wikiteksten]Den eldste namneforma er truleg Topdalselva, men på bakgrunn av den vanlege dialektuttalen, har også skriveformene Tovdalselva og Tofdalselva i ein mindre grad vore brukte. Statens Kartverk har gjort vedtak om at namnet skal skrivast Topdalselva, men slik at Tovdalselva er jamstilt skriftform for den aller nedste delen.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tovdalselva» frå Wikipedia på bokmål, den 2. mai 2008.
- ↑ Vedtak i Klagenemnda for stedsnavnsaker (pdf) (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 4. mars 2016, henta 30. juni 2015