Hopp til innhald

Tony André Hansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tony André Hansen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. februar 1979 (45 år)
Sandefjord
Idrett Hestesport
Tok del i Sommar-OL 2008

Tony André Hansen (fødd 23. februar 1979) er ein norsk sprangryttar. Han deltok på det norske spranglandslaget i dei olympiske leikane i 2008. Før finalen i individuell sprangridning vart Hansen og hesten Camiro utestengde på grunn av ei positiv dopingprøve som vart teken etter lagkonkurransen. A-prøva viste at hesten hadde spor i blodet av stoffet capsaicin, og B-prøva var også positiv. I lagkonkurransen tok det norske laget ein bronsemedalje, men dei vart frådømde medaljen på grunn av dopingsaka.