Tomas Gustafson
Sven Tomas Gustafson (fødd 28. desember 1959) er ein svensk tidlegare skeiseløpar frå Katrineholm. Han vann i tida 1982-88 tre olympiske gullmedaljar og vart to gongar europameister på skeiser.
Gustafson vart europameister 1982 på Bislett stadion i Oslo, hårfint framom norske Rolf Falk-Larssen. Triumfen kom etter han sette verdsrekord på 10 000 meter med tida 14.23,59. Året etter bytta dei to plass på sigerspallen då firkamp-VM 1983 fann stad på same arenaen.
Under dei olympiske vinterleikane 1984 i Sarajevo vann Gustafson gull på 5 000 m og sølv på 10 000 m. På den kortaste distansen slo han Igor Malkov frå Sovjetunionen med 0,02 sekund, på den lengste tapte han mot Malkov med 0,05 sekund. To år seinare vart han tredjemann i EM 1986 i Oslo.
I OL-sesongen 1988 vart Gustafson europameister i Haag etter å ha vunne alle fire distansane. Ved Vinter-OL 1988 i Calgary sigra han fyrst på 5 000 m, for deretter å sette verdsrekord på 10 000 meter med 13.48,20 og vinne sitt tredje OL-gull. Gustafson fekk si siste internasjonale medalje då han kom på andreplass i EM 1990 i Heerenveen. Han la opp i 1992.
Gustafson vart i 1988 tildelt både Svenska Dagbladets gullmedalje og Radiosportens Jerringpris. Han fekk Oscarstatuetten både i 1982 og 1988.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tomas Gustafson» frå Wikipedia på nederlandsk, den 12. november 2016.
- Einskildmenn
- Fødde i 1959
- Svenske skeiseløparar
- Olympiske meistrar for Sverige
- Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sverige
- Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser
- Europameistrar i lengdeløp på skeiser – Allround
- Svenske deltakarar under vinter-OL 1980
- Skeiseløparar under vinter-OL 1980
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1984
- Svenske deltakarar under vinter-OL 1984
- Skeiseløparar under vinter-OL 1984
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1988
- Svenske deltakarar under vinter-OL 1988
- Skeiseløparar under vinter-OL 1988
- Svenske deltakarar under vinter-OL 1992
- Skeiseløparar under vinter-OL 1992
- Vinnarar av Oscarstatuetten