Tomáš Dvořák
Tomáš Dvořák | |
Statsborgarskap | Tsjekkoslovakia |
Fødd | 11. mai 1972 (52 år) Zlín |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Friidrett under Sommer-OL 2004 – Tikamp herrer, Friidrett under Sommer-OL 2000 – Tikamp herrer, athletics at the 1996 Summer Olympics – men's decathlon |
Utmerkingar | Jiří Guth-Jarkovský prize, Armádní sportovec roku, Armádní sportovec roku, Armádní sportovec roku |
Tomáš Dvořák (fødd 11. mai 1972) er ein tidlegare friidrettsutøvar, fødd i Gottwaldov i dagens Tsjekkia, som tevla internasjonalt i tikamp og sjukamp. Han vann tre strake gullmedaljar i tikamp under VM i friidrett 1997, 1999 og 2001. I Praha i 1999 sette han verdsrekord med 8 994 poeng, ein poengskår som einast to utøvarar sidan har overgått.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Dvořák byrja med tikamp i 1990, medan han var inne til militærteneste. Gjennombrotet kom då han vann bronsemedaljen i dei olympiske sommarleikane 1996 i Atlanta. Året etter vart han verdsmeister i Aten, ein meistertittel han forsvarte i Sevilla i 1999. Korkje i den mellomliggjande europameisterskapen 1998, ei heller under Sommar-OL 2000 makta Dvořák å take medalje. Derimot vann han sin tredje strake VM-tittel i tikamp då VM 2001 fann stad i Edmonton.
Under Europacupen i mangekamp den 3. og 4. juli 1999 forbetra Tomáš Dvořák i Praha verdsrekorden til USA-amerikanaren Dan O’Brien med over 100 poeng til 8 994 poeng. Ettersom han konsentrerte seg om tida han måtte inn under, for å slå verdsrekorden, jubla han allereie på dei siste meterane før målstreken. Dermed glapp sjansen til å verte den fyrste tikjemparen med 9 000 poeng. Verdsrekorden til Dvořák vart slått i 2001 av hans eigen landsmann, Roman Šebrle. Dvořák er den einaste utøvaren som tre gongar har skåra over 8 900 poeng.
Etter talrike skadar kom han tilbake og blanda seg inn i medaljekampen i tikamp under Paris-VM i 2003, der han enda på fjerdeplassen. Dvořák la opp i 2008, då han mislukkast i å kvalifisere seg til Sommar-OL i Beijing.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- VM 1993 i Stuttgart: Nr 10 – 8 032 poeng
- EM 1994 i Helsinki: Nr 7 – 8 065 poeng
- VM 1995 i Göteborg: Nr 5 – 8 236 poeng
- OL 1996 i Atlanta: Bronsemedalje – 8 664 poeng
- VM 1997 i Aten: Gullmedalje – 8 837 poeng, framom Eduard Hämäläinen (8 730)
- EM 1998 i Budapest: Nr 5 – 8 506 poeng
- VM 1999 i Sevilla: Gullmedalje – 8 744 poeng, framom Dean Macey (8 556)
- OL 2000 i Sydney: Nr 6 – 8 385 poeng
- VM 2001 i Edmonton: Gullmedalje – 8 902 poeng, framom Erki Nool (8 815)
- VM i 2003 i Paris: Nr 4 – 8 242 poeng
- OL 2004 i Aten: Braut
- VM i 2005 i Helsinki: Nr 8 – 8 068 poeng
- EM 2006 i Göteborg: Nr 12 – 7 997 poeng
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tomáš Dvořák» frå Wikipedia på tysk, den 20. mai 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Tomáš Dvořák» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mai 2015.
- Einskildmenn
- Fødde i 1972
- Tsjekkiske friidrettsutøvarar
- Mangekjemparar
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tsjekkia
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1996
- Tsjekkiske deltakarar under sommar-OL 1996
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996
- Tsjekkiske deltakarar under sommar-OL 2000
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000
- Tsjekkiske deltakarar under sommar-OL 2004
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004