The Amazing World of Gumball
Type | animert TV-serie | ||
---|---|---|---|
Sjanger | Barne-TV, situasjonskomedie, surrealistisk humor, komiserie, fantasy-tv-serie | ||
Opphavsland | Storbritannia, USA | ||
Sesongar | 7 | ||
Episodar | 240 | ||
Lengd | 11 minutt | ||
Språk | engelsk | ||
Skapar | Ben Bocquelet | ||
Røyster | Logan Grove, Kwesi Boakye, Kyla Kowalewski, Teresa Gallagher, Jacob Hopkins, Terrell Ransom Jr., Yumiko Kobayashi, Junko Takeuchi, Yoshinori Mutō, Yukiko Hinata, Mai Yamane | ||
Periode | 3. mai 2011– 24. juni 2019 | ||
Kanal | Cartoon Network |
The Amazing World of Gumball (norsk tittel: Gumballs fantastiske verden) er ein britisk-amerikansk animert komiserie skapt av Ben Bocquelet for Cartoon Network. Serien er hovudsakleg produsert av Cartoon Network Studios Europe og hadde premiere 3. mai 2011. Han handlar om livet til tolvåringen Gumball Watterson, ein blå katt, og adoptivbroren og bestevennen hans Darwin, ein gullfisk. Dei bur i den fiktive byen Elmore og blir ofte involverte i påfunn rundt omkring i byen, medan dei samhandlar med familiemedlemmane sine; veslesystera Anais, mora Nicole og faren Richard, i tillegg til fleire andre rollefigurar.
Eit markant særtrekk med serien er det visuelle stilistiske mangfaldet. Figurane er designa, filma og animerte ved bruk av fleire ulike stilar og teknikkar, mellom anna tradisjonell animasjon, dokketeater, CGI, stop-motion og realfilm.
Serien har tidlegare vore vist på NRK Super.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Gumballs fantastiske verden». NRK TV. 14. februar 2016. Henta 31. januar 2020.