Hopp til innhald

Tatarstan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tatarstan
Татарстан
Татария
republikk
Flagg
Symbol
Nasjonalsong: Tatarstans hymne
Land  Russland
Del av Europeisk Russland, Den volgiske føderasjonskrets
Hovudstad Kazan
Areal 67 847 km²
Folketal 3 894 120 (1. januar 2021)
Språk russisk, tatarsk
Tidssone UTC +3 (MSK)
Bilnummer 16
Kart
Tatarstan
55°33′00″N 50°56′00″E / 55.55°N 50.933333333333°E / 55.55; 50.933333333333
Kart over Tatarstan.
Kart over Tatarstan.
Kart over Tatarstan.
Wikimedia Commons: Tatarstan

Tatarstan[a] er ein republikk i Russland, og eit av dei russiske føderasjonssubjekta. I 2021 hadde republikken 3 894 120 innbyggjarar. Hovudstaden er Kazan, og sidan 2010 har Rustam Minnikhanov vore president.[1]

Tatarstan ligg på den aust-europeiske sletta, om lag 800 kilometer aust for Moskva. Elvene Volga og Kama møtest her. Andre store elver er Belaja og Vjatka, som begge renn ut i Kama. Republikken strekkjer seg 290 kilometer frå nord til sør, og 460 kilometer frå aust til vest. Han er 67 836 km², og er omtrent like stor som Innlandet og Buskerud til saman. Landskapet er hovudsakleg flatt, med nokre låge høgdedrag. 90 % av arealet ligg under 200 meter over havet. Omtrent 16 % er skogkledd.

Klimaet er kontinentalt, middeltemperaturen er –14 grader celsius i januar og 19 grader celsius i juli.

Republikken har store oljeressursar.

Folkesetnad

[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane i Tatarstan er hovudstaden Kazan (1 144 000 ibuarar), Naberezjnyje Tsjelny (513 200), Nizjnekamsk (234 000) og Almetjevsk (146 400).[2]

Majoritetsbefolkninga er tatarar, men russarane utgjer ein stor minoritet. Offisielle språk er russisk og tatarsk. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:[2]

  1. tatarsk: Татарстан Республикасы Tatarstan Respublikası; russisk: Республика Татарстан Respublika Tatarstan eller Татария Tatarija.
  1. «Rustam Minnikhanov», World Economic Forum (på engelsk), henta 23. oktober 2022 
  2. 2,0 2,1 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" Arkivert 2013-03-15 ved Wayback Machine. - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Tatarstan