Tata Steel sjakkturnering
Tata Steel sjakkturnering eller Tata Steel Chess Tournament blir arrangert kvart år, vanlegvis i januar, no i den vesle byen Wijk aan Zee, ein del av den større byen Beverwijk i provinsen Noord-Holland i i Nederland.
Turneringa har hatt namn etter hovudsponsoren, og har bytt namn eit par gongar etter fusjonar og oppkjøp. Den heitte Hoogovens-turneringa til 1999. Den nederlandske produsenten av stål og aluminium Koninklijke Hoogovens fusjonerte den 6. oktober 1999 med British Steel for å bli Corus Group. Frå 2000 til 2010 var namnet dermed Corus-turneringa. Corus Group vart så kjøpt opp av indiske Tata Steel, og turneringa fekk dermed frå 2011 nytt namn. Frå 1938 til 1967 vart turneringa halden i Beverwijk.
Turneringa er ei av dei mest prestisjefylte sjakkturneringane i verda, der A-gruppa regelmessig har hatt deltaking av dei beste spelarane i verda. Dei siste åra har det vore 14 spelarar i A-gruppa som spelar alle mot alle, og i tillegg har her vore 14 spelarar i B-gruppa og 14 i C-gruppa. Her har også blitt eit omfattande samtidig turneringstilbod til vanlege klubbspelarar.
Sidan 1938 har turneringa hatt mange berømte vinnarar, så som: Max Euwe, Bent Larsen, Tigran Petrosjan, Paul Keres, Efim Geller, Lajos Portisch, Boris Spasskij, Mikhail Botvinnik, Mikhail Tal, Viktor Korchnoi, Jan Timman, Anatolij Karpov, Vladimir Kramnik, Garri Kasparov, Viswanathan Anand and Veselin Topalov. Av verdsmeistrane i sjakk i det "klassiske" VM sidan 2. verdskrigen, manglar berre Vasilij Smyslov og Bobby Fischer. I 2001 deltok ni av dei ti øvste på verdsrankingen.
Viswanathan Anand er den einaste som har vunne turneringa 5 gongar, 3 av desse var delte førsteplassar. Max Euwe, Lajos Portisch and Viktor Korchnoi har vunne turneringa fire gongar kvar.
Historikk
[endre | endre wikiteksten]Hoogovens Beverwijk
[endre | endre wikiteksten]Dei første turneringane var ganske små. Det starta med ei gruppe på 4 i 1938, og det deltok berre nederlendarar i dei fem første åra. Turneringa vart arrangert tidleg i januar. I 1943 og 1944 vart deltakinga dobla til 8 spelarar. I 1945 vart det inga turnering pga andre verdskrigen. Den første internasjonale turneringa vart halden i 1946. Øvste gruppe vart auka til 10 spelarar, og Alberic O'Kelly de Galway (Belgia) og Gösta Stoltz (Sverige) vart invitert til å delta saman med 8 nederlendarar. Turneringa hadde 10 deltakarar fram til 1953, då det vart auka til 12, og ei internasjonal kvinneturnering vart også arrangert. I 1954 vart deltakinga redusert til 10 spelarar, men med aukande spelestyrke på dei som deltok. Deltakinga vart auka sterkt til 18 i 1963, og sjølv om deltakinga vart redusert til 16 i 1964, så hadde turneringa på dette tidspunktet blitt den sterkaste internasjonale sjakkturneringa i verda.
Turneringa i 1946 var ei av dei første turneringane som vart haldne i Europa etter andre verdskrigen. Matmangel var framleis eit problem i Europa, så banketten etter turneringa hadde ertesuppe, ein billeg kvardagsrett. I ettertid har ertesuppe blitt servert som første rett på den avsluttande banketten, ein tradisjon som heldt fram då turneringa flytta frå Beverwijk til Wijk aan Zee.
Vinnarar av topp-gruppa:
- 1938 - Philip Bakker
- 1939 - Nicolaas Cortlever
- 1940 - Max Euwe
- 1941 - Arthur Wijnans
- 1942 - Max Euwe
- 1943 - Arnold van den Hoek
- 1944 - Theo van Scheltinga
- 1945 - inga turnering
- 1946 - Alberic O'Kelly de Galway
- 1947 - Theo van Scheltinga
- 1948 - Lodewijk Prins
- 1949 - Savielly Tartakower
- 1950 - Jan Hein Donner
- 1951 - Herman Pilnik
- 1952 - Max Euwe
- 1953 - Nicolas Rossolimo
- 1954 - Hans Bouwmeester og Vasja Pirc
- 1955 - Bora Milic
- 1956 - Gideon Ståhlberg
- 1957 - Aleksandar Matanović
- 1958 - Max Euwe og Jan Hein Donner
- 1959 - Friðrik Ólafsson
- 1960 - Bent Larsen og Tigran Petrosian
- 1961 - Bent Larsen og Borislav Ivkov
- 1962 - Petar Trifunović
- 1963 - Jan Hein Donner
- 1964 - Paul Keres og Iivo Nei
- 1965 - Lajos Portisch og Efim Geller
- 1966 - Lev Polugaevsky
- 1967 - Boris Spassky
Hoogovens Wijk aan Zee
[endre | endre wikiteksten]Turneringa vart i 1968 flytta til den nederlandske turistbyen ved havet Wijk aan Zee. Sidan har turneringa ofte blitt kalla Wijk aan Zee-turneringa. Vinnarar av A-gruppa / Stormeister-gruppa har sidan 1968 vore:
- 1968 - Viktor Korchnoi
- 1969 - Mikhail Botvinnik og Efim Geller
- 1970 - Mark Taimanov
- 1971 - Viktor Korchnoi
- 1972 - Lajos Portisch
- 1973 - Mikhail Tal
- 1974 - Walter Browne
- 1975 - Lajos Portisch
- 1976 - Ljubomir Ljubojevic og Friðrik Ólafsson
- 1977 - Genna Sosonko og Efim Geller
- 1978 - Lajos Portisch
- 1979 - Lev Polugaevsky
- 1980 - Walter Browne og Yasser Seirawan
- 1981 - Genna Sosonko og Jan Timman
- 1982 - John Nunn og Yuri Balashov
- 1983 - Ulf Andersson
- 1984 - Alexander Beliavsky og Viktor Korchnoi
- 1985 - Jan Timman
- 1986 - Nigel Short
- 1987 - Nigel Short og Viktor Korchnoi
- 1988 - Anatolij Karpov
- 1989 - Viswanathan Anand, Predrag Nikolić, Zoltan Ribli og Gyula Sax
- 1990 - John Nunn
- 1991 - John Nunn
- 1992 - Boris Gelfand og Valery Salov
- 1993 - Anatolij Karpov
- 1994 - Predrag Nikolić
- 1995 - Alexey Dreev
- 1996 - Vassily Ivanchuk
- 1997 - Valery Salov
- 1998 - Vladimir Kramnik og Viswanathan Anand
- 1999 - Garri Kasparov
- 2000 - Garri Kasparov
- 2001 - Garri Kasparov
Corus-turneringa
[endre | endre wikiteksten]- 2002 - Evgeny Bareev
- 2003 - Viswanathan Anand
- 2004 - Viswanathan Anand
- 2005 - Péter Lékó
- 2006 - Veselin Topalov og Viswanathan Anand
- 2007 - Levon Aronian, Teimour Radjabov og Veselin Topalov
- 2008 - Levon Aronian og Magnus Carlsen
- 2009 - Sergej Karjakin
- 2010 - Magnus Carlsen
Tata Steel-turneringa
[endre | endre wikiteksten]- 2011 - Hikaru Nakamura
- 2012 - Levon Aronian
- 2013 - Magnus Carlsen
- 2014 - Levon Aronian
- 2015 – Magnus Carlsen
- 2016 – Magnus Carlsen
- 2017 – Wesley So
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Corus sjakkturnering» frå Wikipedia på engelsk, den 28. juni 2008.