Tastatur
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/3a/Qwerty.svg/220px-Qwerty.svg.png)
Eit tastatur er ei eining med mange knappar (tastar) som oftast er merkt med bokstavar, tal og andre teikn. Tastatur vert oftast nytta saman med datamaskiner. Det mest vanlege oppsettet i dag, er eit alfanumerisk QWERTY-tastatur med 102 til 105 taster. Men det finst mange andre typar tastatur. Dette kan vera tastatur som fysisk er heilt ulike dei frå vanlege datamaskiner. Døme er spesialtastatur som i kasseapparata i butikkar, reine numeriske tastatur nytta på reknemaskiner, eller tastatur spesiallaga for å skriva fort med berre ei hand. Det finst òg alternative oppsett for vanlege PC-ar, slik som Dvorak-tastaturet. Dette er rett og slett ei omflytting av tastane.
Det finst tastatur der ein må trykkja fleire tastar om gongen for å skriva. Slike tastekombinasjonar produserer heile stavingar i staden for einskilde bokstavar. Det vert hevda at ein som er trent i bruken av eit slikt tastatur skriv langt fortare enn ein som er trent i bruken av eit vanleg tastatur. Slike tastatur er særleg nytta i sambande med teksting av tv-program i direktesending.
Ulike oppsett av standardtastaturet[endre | endre wikiteksten]
- AZERTY (fransk)
- Dvorak (optimalisert/forenkla)
- Dvorak for høgre hand
- Dvorak for programmerarar
- Dvorak for venstre hand
- Numerisk tastatur
- QWERTY (det vanlegaste i Noreg og verda)
- QWERTZ (tysk)