Tanel Padar
Utsjånad
Tanel Padar | |||
| |||
Fødd | 27. oktober 1980 (43 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Haljala | ||
Opphav | Estland | ||
Aktiv | 1999– | ||
Sjanger | rock | ||
Instrument | gitar, vokal | ||
Verka som | songar | ||
Prisar | 5. klasse av Den hvite stjernes orden |
Tanel Padar (fødd 27. oktober 1980 i Haljala i Lääne-Viru fylke) er ein estisk songar. Han er best kjend for å vinne Eurovision Song Contest 2001 for Estland saman med Dave Benton og guttegruppa 2XL, med songen «Everybody». Systera til Padar, Gerli Padar, er også ein kjend songar i Estland.
Padar blei kjend i heimlandet då han vann Kakis takti ette, eit TV-program for unge estiske songarar, i 1999. I 2000 var han ein av koristane då Ines – som på den tida var kjærasten hans – deltok i Eurovision Song Contest. Padar opptrer også saman med eit band kalla The Sun, og songen «Hopelessness You» kom inn på MTV World Chart Express. Tanel Padar har vore gift med den tidlegare modellen Katarina Kalda.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- «The Greatest Hits» (2005)
- «Veidi valjem kui vaikus» (2005)
- «Tüdrukune» (2006)
- «Milles On Asi?» (2006)
- «100% Rock'n'roll» (2006)
- «The Sun Live 2006» (2007)
- «Veidi valjem kui vaikus II » (2007)
- «Here Comes The Sun» (2008)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tanel Padar» frå Wikipedia på bokmål, den 7. april 2024.